Revidering av prosedyre for skruetiltrekking med testing og gjennomgang av reglar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/182946Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva omhandlar tiltrekking av skruer i forspente forbindelsar, og hadde som mål å
oppdatere og revidere dei eksisterande prosedyrane for skruetiltrekking ved Bergen Group
Rosenberg.
Etter utsegn frå Rosenberg har temaet skruetrekking alltid vore eit tema som har vore
forbunde med mykje uvissheit, og etter at den nye Eurokoden tok over for gamal standard i 2010 har
problemet vorte større på grunn av endringar i krav og reglar. Rosenberg har difor hatt to ynskjer i
forbindelse med skriving av denne oppgåva. Det fyrste var å få ein gjennomgang av det nye
regelverket for å få kunnskap om kva slags reglar som har endra seg, og kva slags nye reglar som har
vorte lagt til. Dette gjeld kapittel åtte i standarden NS-EN 1090-2 som omhandlar utføring av
mekaniske forbindelsar og dei viktigaste punkta i gruppa med standardar frå NS-EN 14399-1 til NS-EN
14399-10. NS-EN 1090-2 erstattar NS 3464, medan NS-EN 14399-standardane er nye, og omhandlar
krav til dei forskjellige komponentane i ein skrueforbindelse.
Det andre målet med oppgåva var å utføre grundige testar av skruesett i samsvar med krava i
desse nye standardane. Standardane set krav til utføring av slike testar slik at dei mest mogleg skal
etterlikne trekkemetodar som vert brukt på verftet. Med bakgrunn frå testresultata skulle
prosedyrane for skruetiltrekking ved Rosenberg reviderast. Det var og eit ynskje om å få verifisere
testresultata med berekningar.
Denne oppgåva består dermed av to hovuddelar, der den første tek for seg kva endringar og
tillegg som er innført i dei nye standardane og fungerer som eit viktig teoretisk grunnlag for den
andre delen som består av utarbeiding av testprosedyrar, utføring av testing og drøfting av resultat.
Oppgåva er utført delvis i samarbeid med bachelorstudent Renathe Kvalvåg, då omfanget og
typen arbeid etter Rosenberg si meining var for omfattande til å verte gjort tilfredsstillande av ein
person. Samarbeidet resulterte i to forskjellige oppgåver som tok for seg ulike delar av utføring av
testane.
Under arbeidet med oppgåva oppstod det store problem knytt til utstyret som skulle måle
spenning i skruane og tiltrekkingsmoment. Det viste seg fyrst at det var bestilt inn utstyr som gjorde
at spenning og moment ikkje kunne målast på likt. Nytt utstyr måtte då bestillast inn slik at testing
vart utsett i seks veker. Når testing var sett i gong viste det seg at resultata var for avvikande frå
teoretiske verdiar. Resultatet av dette vart at det måtte utarbeidast metodar for å finne ut kvifor
utstyret ikkje fungerte som det skulle. Ut frå desse testane vart det saman med leverandør
konkludert med at utstyret var defekt og måtte returnerast.
Desse problema medførte at oppgåva ikkje kunne gjennomførast slik som planlagt. Det er
dermed i oppgåva sin andre del skrive om prosessen med å undersøke kva som var feil med
måleutstyret, og kva konklusjonar dette resulterte i.
Beskrivelse
Master's thesis in Structural engineering