Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNornes, Rune
dc.date.accessioned2012-10-19T12:21:31Z
dc.date.available2012-10-19T12:21:31Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/182946
dc.descriptionMaster's thesis in Structural engineeringno_NO
dc.description.abstractOppgåva omhandlar tiltrekking av skruer i forspente forbindelsar, og hadde som mål å oppdatere og revidere dei eksisterande prosedyrane for skruetiltrekking ved Bergen Group Rosenberg. Etter utsegn frå Rosenberg har temaet skruetrekking alltid vore eit tema som har vore forbunde med mykje uvissheit, og etter at den nye Eurokoden tok over for gamal standard i 2010 har problemet vorte større på grunn av endringar i krav og reglar. Rosenberg har difor hatt to ynskjer i forbindelse med skriving av denne oppgåva. Det fyrste var å få ein gjennomgang av det nye regelverket for å få kunnskap om kva slags reglar som har endra seg, og kva slags nye reglar som har vorte lagt til. Dette gjeld kapittel åtte i standarden NS-EN 1090-2 som omhandlar utføring av mekaniske forbindelsar og dei viktigaste punkta i gruppa med standardar frå NS-EN 14399-1 til NS-EN 14399-10. NS-EN 1090-2 erstattar NS 3464, medan NS-EN 14399-standardane er nye, og omhandlar krav til dei forskjellige komponentane i ein skrueforbindelse. Det andre målet med oppgåva var å utføre grundige testar av skruesett i samsvar med krava i desse nye standardane. Standardane set krav til utføring av slike testar slik at dei mest mogleg skal etterlikne trekkemetodar som vert brukt på verftet. Med bakgrunn frå testresultata skulle prosedyrane for skruetiltrekking ved Rosenberg reviderast. Det var og eit ynskje om å få verifisere testresultata med berekningar. Denne oppgåva består dermed av to hovuddelar, der den første tek for seg kva endringar og tillegg som er innført i dei nye standardane og fungerer som eit viktig teoretisk grunnlag for den andre delen som består av utarbeiding av testprosedyrar, utføring av testing og drøfting av resultat. Oppgåva er utført delvis i samarbeid med bachelorstudent Renathe Kvalvåg, då omfanget og typen arbeid etter Rosenberg si meining var for omfattande til å verte gjort tilfredsstillande av ein person. Samarbeidet resulterte i to forskjellige oppgåver som tok for seg ulike delar av utføring av testane. Under arbeidet med oppgåva oppstod det store problem knytt til utstyret som skulle måle spenning i skruane og tiltrekkingsmoment. Det viste seg fyrst at det var bestilt inn utstyr som gjorde at spenning og moment ikkje kunne målast på likt. Nytt utstyr måtte då bestillast inn slik at testing vart utsett i seks veker. Når testing var sett i gong viste det seg at resultata var for avvikande frå teoretiske verdiar. Resultatet av dette vart at det måtte utarbeidast metodar for å finne ut kvifor utstyret ikkje fungerte som det skulle. Ut frå desse testane vart det saman med leverandør konkludert med at utstyret var defekt og måtte returnerast. Desse problema medførte at oppgåva ikkje kunne gjennomførast slik som planlagt. Det er dermed i oppgåva sin andre del skrive om prosessen med å undersøke kva som var feil med måleutstyret, og kva konklusjonar dette resulterte i.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-TN-IKM/2012;
dc.subjectmaterialteknologino_NO
dc.subjectbyggkonstruksjonerno_NO
dc.subjectforspenningno_NO
dc.subjectNS-EN 1090-2no_NO
dc.subjectNS-EN 14399no_NO
dc.subjectskrueforbindelsarno_NO
dc.titleRevidering av prosedyre for skruetiltrekking med testing og gjennomgang av reglarno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Technology: 500::Building technology: 530no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (TN-IKM / TN-IMBM) [1243]
    Master- og bacheloroppgaver i Konstruksjoner og materialer / Maskin, bygg og materialteknologi (maskinkonstruksjoner, byggkonstruksjoner og energiteknologi) / Masteroppgaver i Offshore teknologi: industriell teknologi og driftsledelse - Offshore technology: industrial Asset management / Masteroppgaver i Offshoreteknologi : offshore systemer (konstruksjonsteknikk og marin- og undervannsteknologi-subsea technology)

Vis enkel innførsel