Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorUnderhaug, Bjørghild
dc.date.accessioned2011-10-31T15:29:51Z
dc.date.available2011-10-31T15:29:51Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/184131
dc.descriptionMaster's thesis in Health and social sciencesno_NO
dc.description.abstractHensikt og bakgrunn: Hensikta med studien var å få innsikt i foreldre si erfaring med korleis skulehelsetenesta i barneskulen kan bidra til å fremje barn si helse. Slik kunnskap vil kunne vera eit viktig bidrag i å gjera foreldre si erfaring med skulehelestenesta synleg, samt gi tenesta kunnskap som kan føre til betre arbeidsmetodar og rutinar. Det er frå før lite forskningskunnskap om temaet. Metode: Studien hadde eit beskrivande design og semistrukturert, kvalitativt forskningsintervju vart nytta i innhenting av data. 7 mødre deltok. Resultat: Mykje kan tyde på at mødrene såg stor verdi i støtta dei fekk frå helsesøster for barnet sine helsevanskar. Dei syntes med få unntak å få den hjelpa dei trengte til barnet. Praktiske råd og verktøy vart løfta fram som særleg god hjelp. Mødrene syntes å bli møtt på ein god måte og såg helsesøster som ei forbundsfelle i samarbeidet med andre tenester. Tilliten til helsesøster var stor, og mødrene syntes å dele ansvaret for oppfølginga av barnet sine vanskar med henne. Mykje tyder på at mødrene ønska medbestemming i samarbeidet. Faktorar som eit lite synleg tilbod, erfaringar frå eiga skulehelseteneste og oppleving av bekymring og skam syntes å vera barrierar for å ta kontakt. God erfaring med hjelp til barnet såg ut til å viske bort desse barrierane. At skulehelsetenesta vart sett som uavhengig syntes å verka fremjande for kontakten. Når mødrene først hadde bestemt seg for å ta kontakt var det lett å nå helsesøster. Konklusjon: Samla sett er det mykje som talar for at mødrene erfarte at helsesøster i barneskulen bidrog til å fremje barnet deira si helse. Det kan likevel synast som at tenesta har ei særleg utfordring med å leggje betre til rette for å senke terskelen for å ta kontakt.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IH/2011;
dc.subjecthelse- og sosialfagno_NO
dc.subjectforeldreno_NO
dc.subjectskulehelsetenesteno_NO
dc.subjecthelsesøsterno_NO
dc.subjectsamarbeidno_NO
dc.subjectstøtteno_NO
dc.subjectkontaktno_NO
dc.titleDei skal bare vera der. For dei som treng det … Foreldre si beskriving av korleis skulehelsetenesta i barneskulen kan fremje barnet deira si helse. Ein kvalitativ studie.no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Community medicine, Social medicine: 801no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel