Sjå meg! Høyr meg! Respekter meg! -ein kvalitativ studie om brukarmedverknad for personar med rusmiddel– og psykisk problem
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/184244Utgivelsesdato
2013-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien fokuserte på personar med samtidig rusmiddel- og psykisk problem. Mitt fokus var om personane erfarte å ha medverknad i eiga behandling, og korleis dei erfarte møtet med hjelpeapparatet. Sjølv om lovverket og statlege retningslinjer regulerer for brukarmedverknad til personar med samtidig rusmiddel- og psykisk problem, viste det seg likevel at denne gruppe personar kunne ”falla mellom to stolar”. Ved at eg gjennomførte denne studien, vona eg å få synleggjort einskilde sine erfaringar av medverknad i eiga behandling. Håpet var at det også ville føra til ei bevisstgjering hjå tilsette i forhold til brukarmedverknad i praktisk utføring av arbeidet ved at dei fekk meir kunnskap om emnet. På den måten kunne resultatet frå studien koma personar med rusmiddel- og psykisk problem til nytte.
For å løfta fram temaet, brukarmedverknad for denne gruppe personar, slik dei sjølv erfarte det, var det relevant å nytta ein kvalitativ forskingsmetode med djupneintervju som datainnsamlingsmetode. Funna eg gjorde, synte at informantane hadde både gode og dårlege erfaringar i forhold til medverknad i eiga behandling. Nokre hadde betre erfaringar enn andre. Felles for mange informantar var at dei hadde erfart å ikkje bli tatt alvorleg i forhold til den psykiske lidinga på grunn av rusmiddelproblemet, der dei fekk beskjed om at rusmiddelproblemet var årsaka til den psykiske lidinga. Det kunne difor synast som at samanslåing til integrert behandling av rusmiddelproblem og psykisk liding framleis diskvalifiserte for å få nødvendig hjelp, i staden for at ein blei sikra betre hjelp. Erfaringa informantane hadde av manglande medverknad gjaldt innan fleire instansar av hjelpeapparatet.
Beskrivelse
Master's thesis in Health and social sciences