Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKalstveit, Sigrun
dc.date.accessioned2014-02-06T08:04:38Z
dc.date.issued2013-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/184244
dc.descriptionMaster's thesis in Health and social sciencesno_NO
dc.description.abstractDenne studien fokuserte på personar med samtidig rusmiddel- og psykisk problem. Mitt fokus var om personane erfarte å ha medverknad i eiga behandling, og korleis dei erfarte møtet med hjelpeapparatet. Sjølv om lovverket og statlege retningslinjer regulerer for brukarmedverknad til personar med samtidig rusmiddel- og psykisk problem, viste det seg likevel at denne gruppe personar kunne ”falla mellom to stolar”. Ved at eg gjennomførte denne studien, vona eg å få synleggjort einskilde sine erfaringar av medverknad i eiga behandling. Håpet var at det også ville føra til ei bevisstgjering hjå tilsette i forhold til brukarmedverknad i praktisk utføring av arbeidet ved at dei fekk meir kunnskap om emnet. På den måten kunne resultatet frå studien koma personar med rusmiddel- og psykisk problem til nytte. For å løfta fram temaet, brukarmedverknad for denne gruppe personar, slik dei sjølv erfarte det, var det relevant å nytta ein kvalitativ forskingsmetode med djupneintervju som datainnsamlingsmetode. Funna eg gjorde, synte at informantane hadde både gode og dårlege erfaringar i forhold til medverknad i eiga behandling. Nokre hadde betre erfaringar enn andre. Felles for mange informantar var at dei hadde erfart å ikkje bli tatt alvorleg i forhold til den psykiske lidinga på grunn av rusmiddelproblemet, der dei fekk beskjed om at rusmiddelproblemet var årsaka til den psykiske lidinga. Det kunne difor synast som at samanslåing til integrert behandling av rusmiddelproblem og psykisk liding framleis diskvalifiserte for å få nødvendig hjelp, i staden for at ein blei sikra betre hjelp. Erfaringa informantane hadde av manglande medverknad gjaldt innan fleire instansar av hjelpeapparatet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IH/2013;
dc.subjecthelse- og sosialfagno_NO
dc.subjectbrukarmedverknadno_NO
dc.subjectrusmiddel- og psykisk problemno_NO
dc.subjectrelasjonno_NO
dc.subjecttillitno_NO
dc.subjectrespektno_NO
dc.subjectanerkjenningno_NO
dc.subjectstigmatiseringno_NO
dc.titleSjå meg! Høyr meg! Respekter meg! -ein kvalitativ studie om brukarmedverknad for personar med rusmiddel– og psykisk problemno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800no_NO
dc.description.embargo2017-06-28


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel