Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorYndesdal, Solveig
dc.date.accessioned2009-04-02T12:24:29Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/184400
dc.descriptionMaster's thesis in Change managementen
dc.description.abstractNye energikrav og samarbeid i arbeidet med innovasjon, er ei masteroppgåve i ”endringsledelse”. Analysen bygger i hovudsak på ei kvantitativ undersøking blant arkitektkontor i Rogaland vinteren 2008. Oppgåva er skriven i tilknyting til eit forskingsprosjekt ved International Research Institute of Stavanger AS (IRIS). Temaet deira er; samarbeid om innovasjon mellom næringslivet i Rogaland og universitet- og forskingsmiljø. I denne masteroppgåva er næringslivet avgrensa til arkitektkontor. Arkitektkontor er ein del av byggenæringa, ei næring som tradisjonelt har hatt få innovasjonar og lite samarbeid med FoU-institusjonar. Bygningar er årsak til store klimautslepp på grunn av høgt energibruk. Styresmaktene prøver å få redusert klimautsleppa med å stilla strengare krav til energibehov for nye bygg, og større ombyggingar av eksisterande bygg. Med utgangspunkt i dei nye føresetnadane energikravet gir arkitektkontor, er det utarbeidd fylgjande problemstilling: Korleis vert omfanget av samarbeid mellom arkitektverksemder og universitet- og forskingsmiljø, for å finne meir innovative løysingar, påverka av det nye energikravet? Konteksten tek utgangspunkt i arkitektane og deira rolle i byggeprosjekt. Deretter er dei viktigaste endringane i nye energikrav skildra før valde teoriar om samarbeid, innovasjon og kreativitet blir presentert. Utfordringar som fylgje av lav svarprosent på spørjeskjemaet er handsama i kapittelet som handlar om design og skildring av metode. Dette viser også kva metodeval som er gjort, utval og innsamling av data ved hjelp av spørjeskjema. Drøftinga dreier seg om kva omfang av, og kva type innovasjon som finn stad. Vidare tek det for seg kor arkitektar skaffar seg ekstern informasjon i arbeidet med innovasjon, kven dei samarbeider med og ikkje minst kva rolle dei nye energikrava har i høve til desse spørsmåla. Dei viktigaste funna er at få arkitektkontor samarbeider med universitet- og forskingsmiljø om innovasjonar. Ein del arkitektkontor samarbeider eksternt i innovasjonsprosessen, og det er desse arkitektkontora som er dei mest innovative. Nye energikrav har ført til større grad av innovasjon, særleg blant arkitektkontor som har spisskompetanse på energiutrekning. Det er rimeleg å tru at ein del av desse innovasjonane er mindre og rutineprega fornyingar, som er ei fylgje av dei endra rammene det nye energikravet fører til.en
dc.format.extent4582939 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IMKS/2008en
dc.subjectinnovasjonen
dc.subjectsamarbeiden
dc.subjectenergikraven
dc.subjectkreativiteten
dc.subjectbyggenæringaen
dc.subjectkreative næringaren
dc.subjectkunnskapsutviklingen
dc.subjectnæringsklyngeren
dc.subjectendringsledelse
dc.titleNye energikrav og samarbeid i arbeidet med innovasjon : eit studie av samarbeid mellom arkitektkontor og universitet- og forskningsmiljøen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240::Public and private administration: 242en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Master's theses (SV-IMKS/IMS) [644]
    Masteroppgaver i Endringsledelse / Masteroppgaver i Kunst og kulturvitenskap / Masteroppgaver i Samfunnssikkerhet / Masteroppgaver i Dokumentarproduksjon

Vis enkel innførsel