Show simple item record

dc.contributor.authorTime, Ingrid
dc.date.accessioned2012-09-13T07:34:17Z
dc.date.available2012-09-13T07:34:17Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/184688
dc.descriptionMaster's thesis in Risk management and societal safetyno_NO
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om kva rolle risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) speler i det kommunale arbeidet med å ivareta samfunnssikkerheit i arealplanlegging. Studien ser på om slike analysar blir gjennomført berre fordi lova krev det, utan annan motivasjon enn å skape eit positivt bilete utad, og utan å få reelle konsekvensar. Eller om dei skapar læringsprosessar, som aukar bevisstheita og engasjement i samband sikkerheitsutfordringar i arealplanlegginga, og dermed blir eit nyttig og reelt verktøy? Gjennom ein case-studie av to mellomstore norske kommunar, som her har fått namna Brattbakke og Villevåg, blir arbeidet med arealROS undersøkt. Dokumentstudiar er kombinert med kvalitative intervju for å få danne eit djupgåande bilete av korleis dei to kommunane brukte ROS-analysen i si overordna arealplanlegging. Arbeidet med arealROS var ein integrert del av planprosessen i begge dei to kommunane, og gav godt beslutningsgrunnlag. Lovkravet var ein utløysande faktor for at arbeidet med ROS-analysen kom i gang, men motivasjonen for å vektlegge dette endra seg undervegs i prosessen, då nytteverdien vart tydeleg for dei som gjennomførte han. Studien viser òg at arbeidet med arealROS auka bevisstheita om risikoforhold og bidrog med læring i begge dei to kommunane. Kommunane opplevde arbeidet med arealROS som nyttig, men utfordrande: Det var usikkerheit knytt til korleis arbeidet skulle gripast fatt, og kommunane opplevde det som vanskeleg å få rettleiing og klare svar frå fylkesmannen. Usikkerheita var mellom anna knytt til om kor detaljert ei ROS-analyse på arealplannivå skal vere. I tillegg opplevde kommunane det metodiske som problematisk; både når det gjaldt å avgjere kva metode som skulle brukast, og korleis denne skulle anvendast. I studien vert det nytta fleire ulike teoretiske perspektiv, mellom anna blir ROS-analysen studert i lys av Ortwin Renn sitt rammeverkt for overordna risikostyring, Risk Governance. Det viser at ROS-arbeidet kan inngå som ein viktig del av ein slik risikostyringsprosess – men at ei ROS-analyse åleine ikkje er nok til å skape ei aktiv risikostyring. Risk Governance-rammeverket tydeleggjer og at ein kommune ikkje står isolert frå andre samfunnsprosessar, og understrekar viktigheita av god kommunikasjonen mellom ulike nivåa og interessentar i kommunalt risiko- og sårbarheitsarbeid. Studien gjer det viser at ROS-analysen har potensiale til å bli eit nyttig verktøy i kommunal arealplanlegging, som kan generere læringsprosessar, men at kommunane i større grad treng oppfølging i dette arbeidet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IMKS/2012;
dc.subjectsamfunnssikkerheitno_NO
dc.subjectROS-analyseno_NO
dc.subjectarealplanleggingno_NO
dc.subjectlæringno_NO
dc.subjectrisikostyringno_NO
dc.subjectplanleggingno_NO
dc.subjectsamfunnssikkerhetno_NO
dc.titleROS-analyse i kommunal arealplanlegging - nyttig verktøy eller dødt dokument?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber98no_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • Studentoppgaver (SV-IMS) [1437]
    Master- og bacheloroppgaver i Endringsledelse / Kunst og kulturvitenskap / Samfunnssikkerhet / Dokumentarproduksjon

Show simple item record