Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEpland, Bjarte Straume
dc.date.accessioned2014-01-22T12:10:04Z
dc.date.available2014-01-22T12:10:04Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185070
dc.descriptionMaster's thesis in Social workno_NO
dc.description.abstractDen norske velferdsstaten og den skandinaviske velferdsmodellen har vore ein stor suksess. Likevel er det eit stort spørsmål om den er berekraftig i framtida. At flest mogeleg deltek i arbeidslivet er avgjerande om vi skal ha dei same velferdsgoda i framtida. Til tross for den norske velferdsstaten sin suksess, er det mange menneske i samfunnet som har utfordringar med å delta i arbeidslivet. Som eit politisk grep for å auke arbeidsdeltakinga, kom den fyrste avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) i 2001. Avtalen er ein trepartsavtale mellom staten, arbeidsgjevarorganisasjonane og arbeidstakarorganisasjonane, der det er brei semje om at verksemdene si rolle er sentral i arbeidet med å auke yrkesdeltakinga. Denne masterstudien studerer korleis det påverkar produktiviteten til to store industriverksemder å arbeide mot måla i IA-avtalen. Studien rettar merksemda mot alle tre delmåla i IA-avtalen og drøftar effekten av verksemdene sitt arbeid med måla. Studien er designa som ein kvalitativ undersøking med halvstrukturerte intervju. Ved hjelp av kvalitative forskingsintervju får studien fram verksemdene sine erfaringar og synspunkt til kva pliktene, føringane og forventningane til tilrettelegging og oppfølging har å seie for produktiviteten til verksemdene. Datainnsamlinga består av ni individuelle intervju med ulike informantar frå to verksemder og med deira IA-kontakt frå NAV Arbeidslivssenter. Forutan IA-kontakten representerer dei andre informantane rollene leiarar, tillitsvalte og arbeidstakarar med erfaring frå langvarig sjukefråvær. Studien konkluderer med at IA-avtalen kan både fremje og hemme produktiviteten til verksemdene. Å få fram dei positive resultata kan vere nyttig ved at fleire verksemder arbeider betre med å auke yrkesdeltaking. Dei utfordrande sidene, kan synleggjere den sentrale rolla NAV må ha, ved tilfelle der verksemdene ikkje kan leggje til rette produktivt. I tillegg kan desse resultat vere til hjelp med å vidareutvikle tiltak som kan blant anna inkludere fleire personar med nedsett funksjonsevne.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IS/2013;
dc.subjectsosialfagno_NO
dc.subjectinkluderande arbeidslivno_NO
dc.subjectproduktivitetno_NO
dc.subjectarbeidsdeltakingno_NO
dc.subjecttilretteleggingno_NO
dc.subjecthalvstrukturerte intervjuno_NO
dc.titleIA-avtalen og konsekvensen for verksemdene sin produktivitet : ein kvalitativ studie om to store konkurranseutsette industriverksemderno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel