Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorForstrøm, Maria
dc.date.accessioned2014-09-24T08:00:57Z
dc.date.available2014-09-24T08:00:57Z
dc.date.issued2014-07-01
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/221333
dc.descriptionMaster's thesis in Risk management and societal safetynb_NO
dc.description.abstractMed utgangspunkt i teori om informasjonsflyt og organisasjonsdesign vil denne oppgåva ta for styring av sikkerheit i systemet for vedlikehald av EC225. Datainnsamlinga vart gjennomført hos Bristow Norway på Sola, og det er difor deira organisasjon som er fokuset for oppgåva. Det vart gjennomført delvis strukturerte intervju med informantar i ulike avdelingar og stilling, som alle hadde ulike ansvar og erfaringar med vedlikehaldsarbeidet. I 2012 hadde EC225 to naudlandingar på sjø. Desse kom av ein produksjonsfeil i ein aksling, og alle EC225 maskinar vart bakkesette i Noreg fram til Juli 2013. Forventinga i starten av datainnsamlinga var bakkesetjinga i 2012 og gjeninnfasinga villa ha påverka vedlikehaldet og tilliten mellom operatørorganisasjon og fabrikant. Denne forventinga viste seg å vera feil. Dei midlertidige løysingane har eliminert moglegheita for gjentaking av hendingane og utgjorde ikkje noko utfordring. Eit funn var at press frå både myndigheiter og det internasjonale selskapet gjorde at Bristow Norway hadde både hyppigare inspeksjonar og krav om nedsett motoryting. Dette krysspresset vert sett på som symptomatisk på dei bakanforliggande utfordringane for sikkerheit i vedlikehaldssystemet. Dei tre identifiserte hovud-utfordringane for design av eit sikkert system rundt vedlikehald av EC225 er: 1. Myndigheiter og fabrikanten har manglande evaluering og oppdatering av prosedyrar. 2. Det er manglande koordinering av ansvar mellom Bristow UK og Bristow Norway, som har leia til eit vedlikehaldsprogram som ikkje er tilpassa den lokale drifta. 3. Teknikarane sine kunnskapar og erfaring vert ikkje fanga opp av systemet, og difor ikkje nytta i den kontinuerlege utviklinga av systemet. Desse utfordringane leier først og fremst til eit tap av effektivitet, men det har potensiale til å gå ut over sikkerheita. Det vert difor naudsynt både for organisasjonen og for systemet som heilskap og betra designet av systemet for å legge til rette for sikkerheitsskapande strukturar. Samstundes finn ein trekk ved både strukturen for vedlikehald og særleg i kulturen i hangaren som trekk organisasjonen i retning av å vera ein høgintegritetsorganisasjon. Dette gjer at ein overordna kan seie at systemet for helikoptervedlikehald er sikkert. Eit helikopter vert aldri klarert for flyging ved usikkerheit.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IMKS/2014;
dc.rightsAttribution 3.0 Norway*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/*
dc.subjectsamfunnssikkerhetnb_NO
dc.subjectorganisasjonsdesignnb_NO
dc.subjectorganisasjonskulturnb_NO
dc.subjectkontrollnb_NO
dc.subjectfeedbacknb_NO
dc.subjectinformasjonsflytnb_NO
dc.subjecthelikopternb_NO
dc.subjectvedlikeholdnb_NO
dc.titleDesign av sikre system i kontekstar der multiple organisasjonar samarbeidernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (SV-IMS) [1267]
    Master- og bacheloroppgaver i Endringsledelse / Kunst og kulturvitenskap / Samfunnssikkerhet / Dokumentarproduksjon

Vis enkel innførsel

Attribution 3.0 Norway
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution 3.0 Norway