Korleis kan hjelp til sjølvhjelp bidra til at overgrepsutsette får eit betre liv?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/223133Utgivelsesdato
2014-05-28Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Studentoppgaver (SV-IS) [869]
Sammendrag
Seksuelle overgrep gjev gjennomgripande og komplekse seinskader. Dette legg føringar for korleis ein skal møte menneske som har vore utsett for seksuelle overgrep og kva tilbod ein skal ha til denne gruppa. Dette er eit tema som eg ynskjer å bidra til å setje søkelys på.
Mi undersøking har fått tittelen:
” Korleis kan hjelp til sjølvhjelp bidra til at overgrepsutsette får eit betre liv?”
Studia mi bygger på kvalitative intervju med 6 kvinner som har vore utsett for seksuelle overgrep, og som er brukarar av Senter mot seksuelle overgrep (SMSO).
SMSO arbeider etter ”hjelp til sjølvhjelp” som ideologi og metode. Kvinnene i denne undersøkinga har av den grunn erfaringar med sjølvhjelp som metode og kan belyse problemstillinga.
Deira forteljingar er viktige i høve til å belyse korleis ein på best mogleg måte kan møte denne gruppa mennesker, og deira erfaringar kan gje viktig innsikt og forståing i høve til problematikken kring seksuelle overgrep.
Resultata i denne undersøkinga syner at alvoret av seinskadane gjer at bearbeidingsprosessen og behandlinga tek lang tid, gjerne fleire år.
Kvinnene si forteljing syner ulike behov ut i frå ulike stadier i behandlingsprosessen. Dei gjev gode skildringar kring kva kvalifikasjonar som kjenneteiknar ein god hjelpar for dei. Her skil dei ikkje på profesjon eller arbeidsplass. Forteljingane deira syner kor viktig det er med motivasjon, kunnskap, fellesskap og eit breispektra tilbod for å få til eit endringsarbeid. Sjølvhjelp kan vera å erkjenne at ein treng hjelp, ynskje ei endring, bli bevisst eigne ressursar, og ta i bruk desse for å oppnå endringar. Metodane ein nyttar, og vegen mot endring kan vera ulik frå person til person. Med eit slikt perspektiv på sjølvhjelp kan ein hevde at det ligg element av sjølvhjelp bak heile behandlingshistoria til alle kvinnene.
Kvinnene i denne studia fortel om store endringar, og ei tilsynelatande stor endring i livskvalitet. Dei framstår som sterke og modige, med god innsikt og refleksjonsevne i høve til eigen historie.
Beskrivelse
Master's thesis in Social work