“Vibaa er komaa!” : Nokre drag ved det litterære språket i romanen Fred og andre verk av Arne Garborg
Journal article
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/225363Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Særheim, I. (2009) “Vibaa er komaa!” : Nokre drag ved det litterære språket i romanen Fred og andre verk av Arne Garborg. Maal og Minne, 2, pp. 225 - 239Sammendrag
I Arne Garborgs litterære verk er ordval, språkleg form og målføring ein viktig del av miljø- og personskildringa, og har klar litterær funksjon. Garborg omtala Fred (1892) som sin “naturalistiske Jær- roman”. Også språkleg kan dette kallast ei Jær-bok, for mange ord og uttrykksmåtar i romanen samsvarar med jærmålet. Oftast er lokalfarga ord normerte i tråd med det normeringsgrunnlaget som elles er nytta i bøkene. Men i nokre høve er dei skrivne i samsvar med dialektuttalen, gjerne for å få fram ein spesiell stilistisk og litterær effekt. Då Garborg like etter 1900 tilpassa dei litterære verka sine til midlandsmål, fekk Fred ei språkform som ligg lenger borte frå jærmålet enn det ein finn i førsteutgåva. Men i ordtilfanget styrkte han innslaga frå dette målføret.
Som målpolitikar og språknormerar gjekk Garborg sterkt inn for at det nynorske skriftspråket skulle byggja på midlandsmål, særleg telemålet, av di norsk åndsliv i denne delen av landet hadde levd ubrote frå gammal tid. Som skribent og ein av grunnleggjarane av nynorsk skriftkultur utnyttar Garborg òg rikdommen i heimemålet sitt, og han medverkar slik til at dette målet òg blir del av eit sams skriftspråk. Han er med på å skapa eit norsk riksmål (landsmål) som byggjer på, er samnemnar for og har element frå dei nedervde norske dialektane.
Beskrivelse
For opprinnelig versjon, se http://www.idunn.no/ts/maal/2009/02/art08