Dagleg fysisk aktivitet i barneskulen og effektar på aktivitetsnivå og aerob kapasitet. Aktiv skole: Ein klyngerandomisert, kontrollert studie.
Abstract
Denne studien undersøkte kva effektar intervensjonen i Aktiv Skole hadde på fysisk aktivitetsnivå og aerob kapasitet. Metode: Aktiv skole var ein klyngerandomisert, kontrollert studie som inkluderte elevar ved 5. trinn frå 9 skular (n=473). Kjernekomponenten i intervensjonen var aktiv læring, der fysisk aktivitet vart brukt som metodeval i fagformidlinga. Friminuttsaktivitet og lekse i fysisk aktivitet var også ein del av intervensjonen. Målingar ved baseline og posttest inkluderte akselerometermålt fysisk aktivitet (7 dagar) og aerob kapasitet målt med Andersen test. Resultat: På totalt aktivitetsnivå hadde intervensjonsgruppa ein netto intervensjonseffekt på 9 minutt moderat til høg fysisk aktivitet (MHFA) per dag, 61 teljingar per minutt (TPM) og 949 steg per dag (alle interaksjonar p<0,01). Analysar av undergrupper viste at intervensjonseffekten på TPM berre var signifikant hos jenter (nettoeffekt 73 TPM, p=0,016), medan effekten på MHFA berre var signifikant hos gutar (nettoeffekt 11 minutt, p=0,01). Ein fann signifikant effekt på inaktivitet i favør av intervensjonsgruppa (nettoeffekt -14 minutt per dag, p=0,04). Analysar av undergrupper viste signifikant effekt på inaktivitet berre hos jenter (nettoeffekt -28 minutt, p=0,001). Ein fann ingen intervensjonseffekt på aerob kapasitet på gruppenivå (p=0,52), berre hos borna med lågast aerob kapasitet ved baseline (p=0,01). Hos desse borna var intervensjonseffekten berre signifikant hos gutane (p=0,007). Analysar av enkelttimar viste at timar med aktiv læring gir MHFA i 26 % av tida og 1559 TPM, noko som er på nivå med kroppsøvingstimar. Konklusjon: Funna i denne studien indikerer at Aktiv Skole-modellen kan vere ei fruktbar tilnærming for å auke aktivitetsnivå og redusere inaktivitet hos born, samt betre aerob kapasitet hos born med låg aerob kapasitet. Framtidig forsking bør fokusere på tiltak som kan senke terskelen for aktiv læring i skulen, auke gjennomføringsgraden og slik bidra til ein auke i aktivitetsnivå og aerob kapasitet.
Description
Master's thesis in Health and social sciences