Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSeljebotn, Per Helge
dc.date.accessioned2016-09-21T13:26:25Z
dc.date.available2016-09-21T13:26:25Z
dc.date.issued2016-05-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2409423
dc.descriptionMaster's thesis in Health and social sciencesnb_NO
dc.description.abstractDenne studien undersøkte kva effektar intervensjonen i Aktiv Skole hadde på fysisk aktivitetsnivå og aerob kapasitet. Metode: Aktiv skole var ein klyngerandomisert, kontrollert studie som inkluderte elevar ved 5. trinn frå 9 skular (n=473). Kjernekomponenten i intervensjonen var aktiv læring, der fysisk aktivitet vart brukt som metodeval i fagformidlinga. Friminuttsaktivitet og lekse i fysisk aktivitet var også ein del av intervensjonen. Målingar ved baseline og posttest inkluderte akselerometermålt fysisk aktivitet (7 dagar) og aerob kapasitet målt med Andersen test. Resultat: På totalt aktivitetsnivå hadde intervensjonsgruppa ein netto intervensjonseffekt på 9 minutt moderat til høg fysisk aktivitet (MHFA) per dag, 61 teljingar per minutt (TPM) og 949 steg per dag (alle interaksjonar p<0,01). Analysar av undergrupper viste at intervensjonseffekten på TPM berre var signifikant hos jenter (nettoeffekt 73 TPM, p=0,016), medan effekten på MHFA berre var signifikant hos gutar (nettoeffekt 11 minutt, p=0,01). Ein fann signifikant effekt på inaktivitet i favør av intervensjonsgruppa (nettoeffekt -14 minutt per dag, p=0,04). Analysar av undergrupper viste signifikant effekt på inaktivitet berre hos jenter (nettoeffekt -28 minutt, p=0,001). Ein fann ingen intervensjonseffekt på aerob kapasitet på gruppenivå (p=0,52), berre hos borna med lågast aerob kapasitet ved baseline (p=0,01). Hos desse borna var intervensjonseffekten berre signifikant hos gutane (p=0,007). Analysar av enkelttimar viste at timar med aktiv læring gir MHFA i 26 % av tida og 1559 TPM, noko som er på nivå med kroppsøvingstimar. Konklusjon: Funna i denne studien indikerer at Aktiv Skole-modellen kan vere ei fruktbar tilnærming for å auke aktivitetsnivå og redusere inaktivitet hos born, samt betre aerob kapasitet hos born med låg aerob kapasitet. Framtidig forsking bør fokusere på tiltak som kan senke terskelen for aktiv læring i skulen, auke gjennomføringsgraden og slik bidra til ein auke i aktivitetsnivå og aerob kapasitet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IH/2016;
dc.rightsNavngivelse 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/*
dc.subjecthelse- og sosialfagnb_NO
dc.subjectfysisk aktivitetnb_NO
dc.subjecthelsenb_NO
dc.subjectbarnnb_NO
dc.subjectaerob kapasitetnb_NO
dc.subjectintervensjonnb_NO
dc.subjectaktiv læringnb_NO
dc.subjectaktiv skolenb_NO
dc.titleDagleg fysisk aktivitet i barneskulen og effektar på aktivitetsnivå og aerob kapasitet. Aktiv skole: Ein klyngerandomisert, kontrollert studie.nb_NO
dc.title.alternativeDaily physical activity in elementary school and intervention effects on activity level and aerobic capacity. Active School: A cluster randomized, controlled study.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Basic medical, dental and veterinary science disciplines: 710nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 3.0 Norge