Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNitter, Marianne
dc.contributor.authorHaaland, Karen
dc.date.accessioned2017-10-11T11:19:25Z
dc.date.available2017-10-11T11:19:25Z
dc.date.issued2017-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2459624
dc.descriptionMaster's thesis in Risk management and societal safetynb_NO
dc.description.abstractEi av dei mest ulykkesutsette næringane i Noreg er landbruket. Å væra bonde kan derfor væra farlegare enn andre yrke. Bonden er sjølvstendig næringsdrivande, og er ofte aleine om å drive garden. Sikkerheit og beredskap er derfor ikkje det same som i andre næringar, og bonden er sjølv ansvarleg for sikkerheita til alle på garden. Lite forsking på dette tidlegare har ført til eit auka behov for meir kunnskap om korleis ein kan forbetra sikkerheita. I dei seinare åra har det komme fleire forskingsprosjekt som har undersøkt denne tematikken. Ei betre forståing av bøndenes haldningar, er eit viktig grunnlag for å utbetra sikkerheit og beredskap på norske gardsbruk. Med eit samfunnssikkerheits perspektiv har dette leda til prosjektets problemstilling; Korleis opplev bonden sikkerheit og risiko, og korleis påverkar dette beredskapen på garden? For å undersøka denne problemstillinga blei det gjennomført uformelle intervju med bønder og ein HMS-rådgjevar, i tillegg til analyse av relevante dokument. Innsamla data blei brukt til å belysa problemstillinga gjennom tre forskingsspørsmål. Det første handlar om kva utfordringar bøndene opplev med sikkerheit. I prosjektet har det blitt identifisert to hovudutfordringar; dokumentering og sikkerheitstiltak. Desse har utmerka seg som utfordrande blant anna fordi dei ikkje alltid opplevast å passa inn i det praktiske arbeidet, og derfor blir ofte spesielt dokumentering nedprioritert. Det andre forskingsspørsmålet handlar om kva som kan påverke bøndenes oppleving av risiko og korleis dei vurderer risikoen. Opplevinga har vist seg å kunna bli påverka av faktorar som barn, erfaring, media og sjølve kjelda til risiko. Saman med utfordringane har dette vidare noko å seie for korleis dei vurderer risiko. Det som for nokon kan væra ein akseptabel risiko, vil for andre kunna være uakseptabelt. I resultata ser ein også at ofte skjer risikovurderingane i praksis, og spesielt i farlege arbeidsoppgåver. Det tredje forskingsspørsmålet handlar om kva beredskap er for bøndene. Orden på garden, det å væra tilgjengeleg og å tenka igjennom på førehand kva ein kan gjer i ulike situasjonar, har vist seg å væra viktig. For bøndene er også det å ha ein beredskapsplakat hengande i driftsbygningane, ein stor del av beredskapsplanen. Desse forskingsspørsmåla har vist at haldningane og opplevingane kan påverka beredskapen på garden i form av kva bøndene har beredskap for, samt graden av fokus og prioritet beredskapsarbeidet får.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IMKS/2017;
dc.subjectsamfunnssikkerhetnb_NO
dc.subjectsikkerheit i landbruketnb_NO
dc.subjectrisikovurderingnb_NO
dc.subjectrisikopersepsjonnb_NO
dc.subjectbondenb_NO
dc.subjectberedskap på gardnb_NO
dc.subjectberedskapsplannb_NO
dc.subjectdagrosnb_NO
dc.titleSikkerheit og beredskap på gardsbruketnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (SV-IMS) [1267]
    Master- og bacheloroppgaver i Endringsledelse / Kunst og kulturvitenskap / Samfunnssikkerhet / Dokumentarproduksjon

Vis enkel innførsel