Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBrandsdal, Einar
dc.contributor.authorHusby, Eirik-Sondre
dc.date.accessioned2019-09-12T19:17:21Z
dc.date.available2019-09-12T19:17:21Z
dc.date.issued2019-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2616657
dc.descriptionMaster's thesis in Strategy and Managementnb_NO
dc.description.abstractOffentleg sektor brukar om lag 500 milliardar kroner i året på innkjøp frå privat sektor, og sektoren har med det ein unik posisjon som innkjøper og oppdragsgjevar. Denne oppgåva skildrar korleis Hordaland fylkeskommune forhandla fram innovative løysingar då dei i 2016 gjekk til anskaffing av nye ferjekontraktar. Anskaffinga har blitt løfta fram i media som ein suksess, der fylkeskommunen oppnådde 87 prosent reduksjon i CO2-utslepp og 60 prosent reduksjon i energiforbruket. Anskaffingas unike karakter la grunnlaget for ei einsidig casestudie med følgande problemstilling: ”Korleis gjennomførte Hordaland fylkeskommune forhandlingane ved denne offentlege anskaffinga, kva faktorar påverka resultatet av desse forhandlingane, og korleis kan me vurdere det endelege forhandlingsresultatet?" I oppgåva er det samla inn empiriske data gjennom eit intervju med to sentrale respondentar frå Hordaland fylkeskommune og grundig analyse av to forhandlingsreferat. Desse dataa og oppgåvas forhandlingsteoretiske rammeverk legg grunnlaget for ein analysemodell som skildrar fylkeskommunen sin førebuings- og gjennomføringsfase, for så å evaluere det endelege forhandlingsresultatet. Oppgåvas konklusjon stiller spørsmålsteikn ved om utanforståande vil bli skadelidande av denne anskaffinga sitt resultat. Kostnadane vart så store at det ikkje er mogeleg for fylkets samferdselssektor å dekke desse åleine, og dette vil gå ut over tenestetilbodet til innbyggjarane i nye Vestland fylkeskommune. Likevel støttar funna opp under media og fylkeskommunen si oppfatning av eit godt forhandlingsresultat. Min einsidige analyse av fylkeskommunen sine forhandlingar viser at mykje av suksessen er knytt til det grundige førebuingsarbeidet fylkeskommunen la ned i forkant av forhandlingane. Gjennom fleire trinn med politisk avklaring, innovativt nybrotsarbeid opp mot verkemiddelapparatet, og ved hjelp av eit tillitsskapande rammeverk for gjennomføring, har fylkeskommunen oppnådd eit godt forhandlingsresultat. Analysen skildrar ein forhandlingsprosess som var prega av eit grunnleggjande ynskje om samarbeid og fungerande løysingar, der risikodeling og god dialog var viktige stikkord for kva partane oppnådde. Funna viser at fylkeskommunen hadde ein tydeleg maktfordel ved rolla som oppdragsgjevar, og denne fordelen nytta dei til å betre tilbydarane sin tilbod, samt sikre realismen i miljøverdiane. Denne anskaffinga er eit godt døme på korleis offentleg sektor kan drive fram innovasjon gjennom å setje tydelege krav, godt førebuingsarbeid, og ved å oppretthalde god dialog med tilbydarane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HH/2019;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectøkonominb_NO
dc.subjectadministrasjonnb_NO
dc.subjectstrateginb_NO
dc.subjectledelsenb_NO
dc.titleForhandlingar i innovative offentlege anskaffingarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210::Business: 213nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal