Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLindland, Kristiane
dc.contributor.authorLunde, Vilde
dc.date.accessioned2019-10-14T09:13:17Z
dc.date.available2019-10-14T09:13:17Z
dc.date.issued2019-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2621892
dc.descriptionMaster's thesis in Change managementnb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Nedbemanningsprosessar er ein stadig aukande del av organisasjonar i dag. Slike prosessar er vanskelege først og fremst for dei som mister jobben, men òg for dei som blir igjen. Problemstillinga for oppgåva omfattar korleis leiarar kan hjelpa medarbeidarar med å handtera survivor syndrome. I arbeidet med oppgåva har eg sett på korleis medarbeidarane som ikkje mister, jobben reagerer på nedbemanning. Temaet, å forstå korleis overlevarane reagerer, diskuterer eg med utgangspunkt i teori om Survivor Syndrome, sett opp mot Elisabeth Kübler Ross si klassiske endringskurve. Metode: Sidan eg undersøker korleis medarbeidarar reagerer på å overleva nedbemanning, tek oppgåva utgangspunkt i psykologisk fenomenologi. Eg har brukt abduktiv metode der målet har vore å nybeskriva teoretiske samanhengar om Survivor Syndrome. Casen i studiet er ei verksemd som leverer til offshorebransjen, som har gjennomført fleire nedbemanningar dei siste åra. Eg har brukt ein casestudie sidan eg har undersøkt eit noverande fenomen i djupna, og i sin verkelege kontekst. Datamaterialet består av intervju med elleve leiararar og medarbeidarar som har opplevd fleire nedbemanningar, og eg har brukt aktive samtalebaserte intervju for å få tak i gode beskrivingar frå informantane. Eg har intervjua med mål om å få tilgang til informantane sine erfaringar med å overleva nedbemanningsprosessar. Målet har ikkje vore å finna eit endeleg svar, men å bidra til forståinga av korleis ein bør leia nedbemanningsprosessar. Resultat: Basert på funna i studien lanserer eg omgrepet reaktive arr. Medarbeidarar handterer det å oppleva nedbemanningsprosessar forskjellig, og sjølv om dei ikkje mister jobben, kan dei få reaktive arr ved å overleva gjentekne nedbemanningar. Eg fann fire hovudtypar overlevarar med fire ulike djupner i dei reaktive arra. Ein sentral implikasjon av mine funn er at leiarar må tilpassa måten dei handterer ulike medarbeidarar på. Leiing tilpassa dei ulike overlevarane sine behov, kan bidra til å førebygga, og dempa dei reaktive arra.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IMS/2019;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectendringsledelsenb_NO
dc.subjectkommunikasjonnb_NO
dc.subjectsurvivor syndromenb_NO
dc.titleKorleis overleva Survivor Syndromenb_NO
dc.title.alternativeEin kvalitativ studie om å hjelpa tilsette med reaktive arr etter nedbemanningnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210::Business: 213nb_NO
dc.source.pagenumber1-70nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (SV-IMS) [1267]
    Master- og bacheloroppgaver i Endringsledelse / Kunst og kulturvitenskap / Samfunnssikkerhet / Dokumentarproduksjon

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal