Show simple item record

dc.contributor.advisorWigestrand, Kristoffer E.
dc.contributor.authorMørk, Emilie Befring
dc.contributor.authorMyhre, Karina Aarvik
dc.contributor.authorMentel, Maria
dc.date.accessioned2021-09-03T16:29:32Z
dc.date.available2021-09-03T16:29:32Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:80527366:35389739
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2773162
dc.description.abstractFøremålet med bacheloroppgåva vår var å svare på problemstillinga: “Er mannlege investorar meir overmodige enn kvinnelege?”. Det vil seia at me i oppgåva vil ta føre oss samanlikningar og analysar av overmot ved dei to kjønna, både for investorar samt dei som ikkje investerer. Oppgåva vil starte med eit teoretisk grunnlag, som vil vere med å grunngje og hjelpe oss med å analysere funna som vert gjort greie for i kapittel 5. Ein vil i teoridelen skildre ulike teoriar og skeivskapar me skal knyte opp mot overmot. Det vert og skildra ulike empiriske funn frå tidlegare studie i kapittel 3.0, som vil vere til god hjelp i å underbyggje ulike tema me tar føre oss i denne oppgåva. Kapittel 4.0, vil gje eit innblikk i kva metode som skal brukast for å samle inn data, samt gjera greie for den metoden som skal analysere desse. Sidan me valte å ta i bruk kvantitativ forskningsmetode, vart det naturleg for oss å utføre ei spørjeundersøking. I denne ynskte me å teste både menn og kvinner som investerer i verdipapir, samt menn og kvinner som ikkje investerer. Me fekk totalt inn 400 svar, der den største delen utgjer dei som investerer. Ein vil i dette kapittelet, og få ei oversikt over kva hypotesar som er satt, som skal hjelpe oss med å svare på problemstillinga. Me vil i kapittel 5 forklare og gjer greie for innsamla data for dei ulike gruppene. Dette vil me vidare analysere i to ulike regresjonsanalysar, der den eine har fokus på alle deltakarane og kva som får dei til å investere, medan den andre analyserer investorar og målar påverknader av overmot. Kapittel 6 føretar ein diskusjon av dei ulike funna ved å setje gruppene opp mot kvarandre, for sjå samanlikningar. I dette kapittelet vil me avslutte med å diskutere hypotesane med resultata frå spørjeundersøkinga, regresjonsanalysene og ei rekkje tabellar/figurar. Resultata viste blant anna at menn er meir overmodige enn kvinner, både generelt sett og når det kjem til sivilstatusen, singel. Dette vil stadfeste to av våre hypotesar, og viktigast av alt, vår problemstilling.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleEr mannlege investorar meir overmodige enn kvinnelege?
dc.typeBachelor thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record