Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKuran, Christian Henrik Alexander
dc.contributor.authorStava, Ingrid Hovden
dc.date.accessioned2021-10-23T15:51:16Z
dc.date.available2021-10-23T15:51:16Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:83538997:47268075
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2825120
dc.description.abstractRiksrevisjonen la hausten 2020 fram ein revisjonsrapport for 2019 om samfunnstryggleik og beredskap ved statlege universitet og høgskular. I rapporten får Kunnskapsdepartementet kritikk for å gi for dårlege signalar om styring av arbeidet med tryggleik og beredskap, og universiteta og høgskulane får kritikk for dårleg arbeid med både beredskap, øving og planar. Denne studien tek for seg korleis arbeid med samfunnstryggleik og beredskap blir oppfatta av tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ein høgskule med rundt 16.000 studentar og rundt 1.800 tilsette fordelt på fem campus over to fylke. HVL vart oppretta i 2017 etter ein fusjon mellom Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Formålet har vore å finne faktorar som påverkar læring knytt til tryggleik og beredskap, og gjennom forskingsspørsmål knytt til eigarskap til beredskapsplanar, medverknad i analyse- og planleggingsprosessar for tilsette, samt grad av involvering frå leiinga er det gjort eit forsøk på å måle tryggleikskulturen på HVL. Vidare blir det sett på korleis organisasjonen kan leggje til rette for læring etter uønskte hendingar. I studien er det nytta kvalitativ metode i form av dokumentanalyse av eit utval sentrale dokument, fem fokusgruppeintervju med tilsette på alle campus, samt to individuelle djupneintervju. Fokusgruppene besto av både vitskapeleg- og administrativt tilsette, med varierande fartstid og på ulike nivå i organisasjonen, og vart hovudsakeleg rekruttert ved hjelp av kollegaer på dei fem campusa med store nettverk. Dei individuelle intervjua var med personar som på grunn av si stilling kunne tilføre andre syn på krav og forventingar stilt til leiarar i organisasjonen, samt kjennskap til sentrale og lokale føringar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Det teoretiske grunnlaget byggjer mellom anna på James Reason si forståing av tryggleikskultur som ein informert kultur beståande av element som rapporterande, rettferdig, fleksibel og lærande kultur. I tillegg har Morten Sommer et al. sitt arbeid kring beredskapsøving og læring vore sentral i forståinga av korleis organisasjonar som HVL kan lære av uønskte hendingar, og kva faktorar som til sjuande og sist påverkar læring knytt til tryggleik og beredskap. Resultata frå studien syner at det er fire faktorar som påverkar denne læringa: Kultur, ansvar, struktur og ressursar. Studien har vidare avdekka at HVL ikkje har ein sterk tryggleikskultur, og at dei tre tidlegare høgskulane som no utgjer HVL heller ikkje hadde dette før fusjonen. Det er likevel mykje som tyder på at ein no er på rett veg når det gjeld å byggje opp gode system for å styrke arbeidet med tryggleik og beredskap. Avslutningsvis i studien blir det lista fleire tiltak som kan implementast i organisasjonen for å styrke dei tilsette sin eigarskap til tryggleik og beredskap, og såleis styrke tryggleikskulturen. Det krevst likevel systematisk arbeid over tid, og ein sterk forankring i leiinga for at dette skal bli ein integrert del av dei tilsette sin medviten.
dc.description.abstractIn the autumn of 2020, The Office of the Auditor General in Norway published an audit for 2019 about civil protection and emergency preparedness in higher education. In the audit, the Ministry of Education and Research receives criticism for inadequate work with regards to the management of the work being done with safety and emergency preparedness in the sector, and universities and university colleges receive criticism for poor work with both emergency preparedness, exercises and plans. This study addresses how work regarding civil protection and preparedness is perceived by the employees of the Western Norway University of Applied Sciences (HVL). HVL is a university college with approx. 16.000 students and 1.800 employees, spread over five campuses across two counties. The university college was established in 2017 as a result of a merger between Stord/Haugesund University College, Bergen University College and Sogn og Fjordane University College. The purpose of this study has been to find factors that affect learning related to safety and emergency preparedness, and through research questions related to ownership of emergency preparedness plans; participation in analysis and planning processes by employees; and a degree of involvement from the management, an attempt has been made to measure safety culture at HVL. Furthermore, I look at how the organization can facilitate learning after unwanted events. The study utilizes qualitative methods in the form of document analysis of a selection of central documents; five focus groups interviews with employees from all the campuses; and two individual in-depth interviews. The focus groups consisted of both scientific and administrative employees with varying levels of experience and at different levels in the organization, and they were mainly recruited with the help of colleagues on the five campuses with had large networks of contacts. The individual interviews were carried out with persons who, due to their position, were able to provide different views on the requirements and expectations set for leaders in the organization as well as knowledge of central and local guidelines for the work with safety and emergency preparedness. The theoretical framework is among others based on James Reason’s understanding of safety culture as an informed culture consisting of elements such as a reporting culture, a just culture, a flexible culture and a learning culture. In addition, Morten Sommer et al.’s work on emergency preparedness exercise and learning played a key part in understanding how organizations such as HVL can learn from unwanted events, and which factors ultimately affect learning related to safety and emergency preparedness. The results show that there are four factors which influence learning: Culture, responsibility, structure and resources. This study has further revealed that HVL does not have a strong safety culture, and that the three former university colleges that now make up HVL did not have this prior to the merger either. There are however many indicators that the organization is now on the right track when it comes to building robust systems to improve and strengthen the work with safety and emergency preparedness. In conclusion, I have listed several measures that can be implemented by the organization to strengthen the employee’s sense of ownership of safety and emergency preparedness, thus strengthening the safety culture therein. However, systematic work over time and a strong anchoring in the management is required to ensure that this will become an integral part of the employees’ general consciousness.
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleTryggleikskultur og beredskapslæring ved Høgskulen på Vestlandet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (SV-IMS) [1267]
    Master- og bacheloroppgaver i Endringsledelse / Kunst og kulturvitenskap / Samfunnssikkerhet / Dokumentarproduksjon

Vis enkel innførsel