Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStadheim, Britt Marit
dc.date.accessioned2015-09-04T13:00:16Z
dc.date.available2015-09-04T13:00:16Z
dc.date.issued2015-05-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/298758
dc.descriptionMaster's thesis in Social worknb_NO
dc.description.abstractBakgrunn, føremål og problemstilling: Målet med denne oppgåva er å få innsikt i kva faktorar som spelar inn i forholdet mellom barnehagen og barnevernet for at barnehagen skal nytta meldeplikta til barnevernet. Det vil verta prøvd å få forståing for den kompetansen som særleg styraren har om korleis ein kan få til samarbeid mellom barnehagen og barevernet. Alle offentleg tilsette, samt ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, pliktar å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn for å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har synt vedvarande alvorlege åtferdsvanskar (Lov om barnevern). Barnehagelova § 22 peikar på at opplysningane til barnevernet normalt sett skal gjevast av styrar i barnehagen. Oppgåva har følgjande problemstilling: Korleis kan leiaren i barnehagen påverka til systematiske samarbeidsrutinar knytt til meldeplikta til barnevernet? Føremålet er å få meir kunnskap og innblikk i barnehagane sitt forhold til meldeplikta til barnevernet og ulike aspekt ved dette, som kompetanse, erfaringar, prosedyrar og samarbeidsrutinar. Teori og juridisk råme: Det juridiske grunnlaget i oppgåva byggjer m.a. på Lov om barnehagar (2005), Lov om barnevern (1992) og Rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver (2006). Det teoretiske grunnlaget i oppgåva byggjer m.a. på Peter Senge (1992 og 2006) sin systemteori, Gotvassli (2004), Jacobsen & Thorsvik (2002) m.fl. Metologi: Oppgåva er basert på kvalitativ metode, med hermeneutisk vitskapleg utgangspunkt. Utvalet er sett saman av fem styrarar i fem ulike offentlege barnehagar, frå same barnehage eigar. Alle informantane er kvinner. Resultat: undersøkinga synte at alle styrarane i utgangspunktet er nøgde med samarbeidet med barneverntenesta. Dei trekkjer fram nærleik og det at dei møter «kjende fjes» som verdifullt. Dei er samstundes klåre på at tilbakemeldingane frå barnevernet er for dårleg. Det er god læringskultur, at styrarar som skal gå føre som gode rollefigurar, er og noko som kjem fram i undersøkinga. Konklusjonen i oppgåva er at styrararne kan påverka til systematiske samarbeidsrutinar knytt til barnehagen si meldeplikt til barnevernet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IS/2015;
dc.rightsNavngivelse 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/*
dc.subjectsocial worknb_NO
dc.subjectsosialt arbeidnb_NO
dc.subjectbarnevernetnb_NO
dc.subjectmeldepliktnb_NO
dc.titleBarnehagen sin meldeplikt til barnevernetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 3.0 Norge