Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEldøy, Malene Rosland
dc.date.accessioned2015-09-04T13:15:16Z
dc.date.available2015-09-04T13:15:16Z
dc.date.issued2015-06-01
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/298767
dc.descriptionMaster's thesis in Social worknb_NO
dc.description.abstractDei siste ti åra har Noreg fått massiv kritikk frå blant anna FN grunna stor auke i diagnostiseringa av ADHD. Samtidig har omgrepet utviklingstraume vakse fram. Utviklingstraume har fått auka fokus ettersom vi har fått ny viten om korleis denne type traume påverkar strukturen i hjernen når den er i utvikling i tidlege barneår. Den dominerande diskurs i fagfeltet synes å vere fokus på å leite etter ein årsak i barnet, heller enn rundt barnet. Hensikten med denne er å finna ut korleis lærarar opplev eiga kompetanse når det gjeld identifisering av utviklingstraume kontra ADHD, for å finna ut om dei har fokus på barnet som symptomberar, heller enn at det er omgivnadane som er årsaksforklaring til at barn har det vanskeleg. Det er i tillegg interessant å sjå på om dei som har vore gjennom opplæringsprogrammet har andre opplevingar av fenomen enn dei øvrege informantane. Studia er ei kvalitativ studie i form av intervju. Eg har intervjua seks lærarar gjennom fenomenologisk tilnærming. Tre av lærarane har gjennomført RVTS Sør sitt 2-årige opplæringsprogram Traumebevisst skole. Teoretisk ligg oppgåva mi i skjeringspunktet mellom sosialkonstruktivisme og realisme. Hovudfunn i oppgåva er at lærarar opplev dei treng meir kunnskap for å identifisera utviklingstraume, at dei ser symptom men opplev det vanskeleg å skilja symptoma frå symptom på ADHD. Eg fann og at lærarar har fokus på at barn må kjenna seg trygge før dei kan læra, at dei ser på sosial læring som like viktig som fagleg læring i fyrste skuleår, og at dei opplev det som ei utfordring å ha tid nok til det enkelte barn. Samtidig formidlar informantane at det er andre instansar som må og skal hjelpa dei utviklingstraumatiserte barna. Eit anna funn er at dei som hadde vore gjennom opplæringsprogrammet Traumebevisst skole i større grad enn dei andre opplevde at dei hadde ei felles referanseramme på arbeidsplassen for korleis dei skulle møte dei utviklingstraumatiserte barna, og enkelte formidla det som kan sjåast som ei diskursendring etter å ha vore gjennom opplæringsprogrammet. Eg håpar oppgåva mi vil bidra til kunnskapsauke og bevisstgjering når det gjeld korleis barn med komplekse traume vert møtt i skulen, kven desse borna er, kva symptom dei har, og mest av alt; i kva grad tilsette i skulen har kompetanse til å identifisera utviklingstraume hos barn heller enn ADHD.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IS/2015;
dc.rightsNavngivelse-Ikkekommersiell 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc/3.0/no/*
dc.subjectsosialt arbeidnb_NO
dc.subjectsocial worknb_NO
dc.subjectADHDnb_NO
dc.subjectutviklingstraumenb_NO
dc.subjecttraumebevisst omsorgnb_NO
dc.subjecttoleransevinduetnb_NO
dc.subjectlærerenb_NO
dc.titleADHD eller utviklingstraume?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse-Ikkekommersiell 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse-Ikkekommersiell 3.0 Norge