Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBuajore, Lisbeth
dc.date.accessioned2015-09-04T13:25:03Z
dc.date.available2015-09-04T13:25:03Z
dc.date.issued2015-06-01
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/298773
dc.descriptionMaster's thesis in Social worknb_NO
dc.description.abstractTema/Bakgrunn: Uttrykket "eldre" er eit belasta omgrep. Relevansen av å diskutere det, og assosiasjonane med det, aukar i takt med eldrebølgjene som alt slår innover samfunnet. Det er aktuelt å sjå på haldningar, både kollektivt og individuelt, sidan det er bevist at negative stereotypiar kan auke sjansane for mistrivsel, minke sjansane for å ta i bruk eigne ressursar, samt auke risikoen for å døy tidlegare. Bruken av omgrepet ”den tredje alder” kan væra eit nyttig verktøy for å nedkjempe aldrisme (aldersdiskriminering). Dette blant anna fordi den skaper eit skilje mellom sjølvstendige eldre som hovudsakleg greier seg utan særleg hjelp i kvardagen, og eldre som treng mykje hjelp i kvardagen. Tilrettelagte miljø med rollemodellar som fortsett eit aktivt og sosialt liv - sjølv etter pensjonistalder, kan skape eit breiare spekter av haldningar til eldre, og kan væra eit krafttak i rett retning. Nett derfor er intervjuobjekta søkt etter via sosiale arenaer med eldre som hovudmålgruppe, der respondentane aktivt deltek, og melder seg frivillig til intervju. Hensikt og mål: Masteroppgåva tek føre seg eldre sine opplevingar av eigen alderdom. Målet med oppgåva er å få ei betre innsikt i kva som er meiningsfullt for dei 8 respondentane, samt spørje om forslag til endringar for å auke tilgangen til ein meiningsfull alderdom for fleire. Ei open intervjuguide med opne spørsmål, var eit håp om serendipity; å snuble over noko relevant eg ikkje endå vissta kva var, relevant for belysning av emnet. Problemstilling: «Kva er ein meiningsfull alderdom i følgje dei eldre sjølve?» Forskingsspørsmål: Korleis opplev repondentane alderdomen, kva er meiningsfullt for dei og kva kan me lære av det? Korleis kan dette tilretteleggjast eldre i den tredje alder? Metode: Kvalitative intervju vart naturleg grunna problemstillinga, og engasjerte, inspirerande rollemodellar var håpet då eg søkte informantar. Etter systematisering av innhenta data, kunne ein sjå fyrste utkast av kategoriar, forklarande for kva ein meiningsfull alderdom er. Prosessen med kategoriutvikling pågjekk parallelt med analyseprosessen. Teori vart innhenta på førehand og undervegs i arbeidsprosessen frå bibliotek og nettsøk, hovudsakleg frå sosialgerontologi og med utgangspunkt i Daatland & Solem si bok ”Aldring og Samfunn”. Resultat og funn: Alle dei intervjua opplevde sin alderdom som meiningsfull. God helse, tilhøyring, initiativ og meistring er hovudkategoriane etter kategorisering av innhenta data, og kategoriane brukte i analysa for å beskrive innhaldet i ein meiningsfull alderdom for eldre. Etter oppgåva kan eg ikkje sjå innhaldet i ei meiningsfull tilvære som aldersbetinga. Det som oftast vart nemnt som forbetringspotensiale for andre eldre var tilgangen til sosiale arenaer, hovudsakleg fysisk for dei som ikkje budde sentralt, men òg økonomisk.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.subjectsosialt arbeidnb_NO
dc.subjectsocial worknb_NO
dc.subjectalderdomnb_NO
dc.titleEldre, om ein meiningsfull alderdomnb_NO
dc.title.alternativeEi kvalitativ studie der eldre reflekterer over korleis dei opplev alderdom, og kva som opplevast som meiningsfulltnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel