Den trygge vaksne – ein kvalitativ studie om arbeid med barn som viser utfordrande åtferd i skulen
Abstract
«Den trygge vaksne» er ein kvalitativ studie om arbeid med barn som viser utfordrande åtferd i skulen. Føremålet med studien er å få fram meir kunnskap om korleis miljøterapeutar i skulen arbeider og kan arbeida for å møta barn med utfordrande åtferd på ein god måte. Oppgåva tek utgangspunkt i fylgjande problemstilling: Korleis kan miljøterapeutar i skulen arbeida i møte med barn som viser utfordrande åtferd? Hovudfokuset er ikkje på å handtera åtferda, men på korleis den vaksne kan møta barnet på ein god måte. For å svara på problemstillinga er det samla inn data gjennom semistrukturerte intervju med personar som er tilsette som miljøterapeutar på ulike skular, og desse er drøfta i ljos av faglitteratur og tidlegare forsking. Hovudkonklusjonane frå undersøkinga viser at tryggleik og sosial kompetanse er viktige faktorar i førebygging av utfordrande åtferd, og at miljøterapeuten med sin sosialfaglege kompetanse er ein nyttig ressurs som kan bidra til dette gjennom å vera ein trygg vaksen som er til stades for barnet og forsøkjer å møta barnet sine behov.