Arkeologisk og naturvitskapeleg undersøking av busetnadsspor og dyrkingslag frå jernalder. Skeie gnr. 38, bnr. 2 (Fredheim), Klepp k.
Abstract
Bakgrunnen for den arkeologiske undersøkinga i regi av AM, UiS av id 173373 er ei detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv. 507 (Nordsjøvegen) i Klepp kommune mellom kommunegrensa mot Hå kommune i sør og fv. 247 ved Orre i nord. Gang- og sykkelvegen skal på heile strekninga gå på vestsiden av vegen. Id 173373 er lokalisert på Skeie gnr. 38, bnr. 2 Fredheim, i Klepp kommune. Tiltakshavar er Rogaland fylkeskommune, Seksjon PU Nord-Jæren 1. Det er gjeve dispensasjon frå KML etter §8.4., med vilkår om at tiltakshavar skal dekkje utgifter til særskilt gransking av automatisk freda kulturminne tilknytta lokaliteten. Den arkeologiske undersøkinga vart gjennomført i felt i løpet av veke 13 i 2022. Lokaliteten låg i dyrka mark, i eit område mellom havet i vest og fylkesvegen i aust. Lokaliteten vart totalundersøkt, og innheldt spor etter busetnad/gardsdrift og dyrking frå førreformatorisk tid. Det vart påvist anleggsspor tilknytta to stolpebygde konstruksjonar (hus/stativ/plattform), der begge er karbondaterte til yngre romartid – folkevandringstid. Ei tilgrensande grøft er tidlegare karbondatert i samband med RFK si registrering til eldre merovingartid. Lokaliteten innheldt også fleire, truleg førrefomatoriske, grøfter, og lag som har oppstått ved beite og åkerdrift der nokre er karbondatert til den seinare delen av eldre jernalder. Eit skår av spannforma leirkar funne innan konteksten med stolpekonstruksjonane stammar typologisk sett frå 400-500-talet e.Kr. (dvs. folkevandringstid). Truleg skal store delar av spora etter anlegg og lag knytast til eit (ikkje påvist) gardsanlegg frå romartid – folkevandringstid i nærleiken av lokaliteten, truleg på høgdedraget nord og aust om fylkesvegen, i nærområdet til dagens tun på bruket Fredheim. Lokaliteten hadde eit distinkt innslag av ulike fasar av flygesandsaktivitet i området, truleg både frå førreformatorisk og nyare tid, noko som gav uvanleg gode bevaringsforhold i delar av området når det gjeld lagfølgjer vertikalt sett (dvs. i djupna/høgda, frå naturleg avsette nivå nedst til ei blanding av menneskeskapte og naturskapte lag/nivå høgare oppe frå jernalder og fram til notid.
Description
Oppdragsgjevar: Rogaland fylkeskommune, Seksjon PU Nord-Jæren 1