Erfaringar hos foreldre som har ei bipolar liding : ein kvalitativ studie
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/184113Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva presenterer ein kvalitativ studie, der føremålet var å utforska foreldreerfaringar når ein samstundes har ei bipolar liding. Eit semi-strukturert intervju med seks foreldre vart analysert i ein stegvis prosess inspirert av fenomenologisk-hermeneutisk tenkning. Analysen synte mangfald og kompleksitet i utfordringane foreldra stod i. Samstundes kom eit styrkeaspekt til syne: kva foreldra tenkte og gjorde for å handtera desse utfordringane. Studien stadfestar at det å vera i ei foreldrerolle og å ha ei bipolar liding ikkje er uproblemtisk. Det inneber eit mangfald av utfordringar, der periodevis ottefull omsorg for borna er eit aspekt. Men studien har òg synt at det tradisjonelle biletet av foreldre med ei alvorleg psykisk liding som noko einsidig negativt og fårefullt med tanke på borna, treng å justerast. Studien gjev haldepunkt for at foreldra var oppteken av ”barnets beste”, dei var reflekterte, løysingsorienterte, handlekraftige, dei søkte openhet, og over tid utvikla kunnskap og ferdighetar som styrka dei i foreldrerolla. I denne presentasjonen vert det lagt vekt på å få fram foreldra sine erfaringsstemmer, og i noko mon forskaren si meiningsfortolking. Studien drøftar nokre aspekt som gjev implikasjonar for praksis.
Beskrivelse
Master's thesis in Health and social sciences