Korleis opplevar pasientar i sjukehus spørsmål relatert til eiga helse og livsstil til det gode eller eit instrumentalistisk mistak?
Abstract
Det har den seinare tid blitt retta fokus på den einskilde si helse og livsstil. Dette fordi
sjukdomar relatert til livsstil er aukande.
Fleire norske sjukehus arbeidar nå med å implementera helse og livsstilsstrategiar for å betra
behandlingskvaliteten i spesialisthelsetenesta.
Mi oppgåve i dette har vore å undersøkja kva pasientar i sjukehus sjølv synes om dette, utifrå
eit brukarperspektiv.
Studiet har eit kvalitativ design med forskingsintervju som metode, sett i ei hermeneutisk
forståingsramme. Intervjua blei gjennomført på Stavanger Universitetssykehus HF.
10 pasientar har delteke i undersøkinga og det er gjort eit strategisk utval i forhold til kjønn,
alder, medisinske og kirurgiske pasientar som har/ har ikkje livsstilssjukdomar og har/ har
ikkje fått spørsmål om eiga helse og livsstil.
Resultata er dela opp i tema:
Pasienten på sjukehus
Pasienten si forståing av helse og livsstilsspørsmål
Å verta spurt om eiga livsstil
Vilkår for spørsmål kring livsstil
Resultata viser dilemma og paradoks i dette arbeidet;
Pasienten på sjukehus er nøgde og tilpassar forventningane etter dei forholda som eksisterer.
Ein er i pasientrollen, ikkje brukarrollen.
Pasientane forstår, på generelt grunnlag, at det kan vera relevant å få spørsmål om eiga helse
og livsstil i sjukehus, men den subjektive forståinga gjer inntrykk av at sånne spørsmål kan
vera vanskeleg å svara eksplisitt på. Dette fordi det inngår i ein større samanheng; livet sjølv.
Det finnes ei generell aksept for livsstilsspørsmål, men ikkje alle ynskjer dette som standard,
men aksepterar viss det har relevans for noko. Den subjektive forståinga viser at det kan vera
vanskeleg å svara ærleg og at dei mellommenneskelege relasjonane innverkar på dei svara dei
gjer. Informantane ynskjer også å få aksept for den livsstilen dei har, og ikkje alle ynskjer
endring.
Vilkår for spørsmål om livsstil knytte seg til ei samtaleform med tid til forklaringar tilpassa
den enkelte samt det relasjonelle i saman med visse grunnleggjande haldningar som viktige
føresetnadar i dette arbeidet. Hindringar for livsstilsspørsmål i sjukehus knytte seg til
maktbruk, travel sjukehuskvardag samt sterk paternalisme.
Description
Master's thesis in Health and social sciences