Dei skal bare vera der. For dei som treng det … Foreldre si beskriving av korleis skulehelsetenesta i barneskulen kan fremje barnet deira si helse. Ein kvalitativ studie.
Abstract
Hensikt og bakgrunn: Hensikta med studien var å få innsikt i foreldre si erfaring med korleis
skulehelsetenesta i barneskulen kan bidra til å fremje barn si helse. Slik kunnskap vil kunne
vera eit viktig bidrag i å gjera foreldre si erfaring med skulehelestenesta synleg, samt gi
tenesta kunnskap som kan føre til betre arbeidsmetodar og rutinar. Det er frå før lite
forskningskunnskap om temaet.
Metode: Studien hadde eit beskrivande design og semistrukturert, kvalitativt
forskningsintervju vart nytta i innhenting av data. 7 mødre deltok.
Resultat: Mykje kan tyde på at mødrene såg stor verdi i støtta dei fekk frå helsesøster for
barnet sine helsevanskar. Dei syntes med få unntak å få den hjelpa dei trengte til barnet.
Praktiske råd og verktøy vart løfta fram som særleg god hjelp. Mødrene syntes å bli møtt på
ein god måte og såg helsesøster som ei forbundsfelle i samarbeidet med andre tenester.
Tilliten til helsesøster var stor, og mødrene syntes å dele ansvaret for oppfølginga av barnet
sine vanskar med henne. Mykje tyder på at mødrene ønska medbestemming i samarbeidet.
Faktorar som eit lite synleg tilbod, erfaringar frå eiga skulehelseteneste og oppleving av
bekymring og skam syntes å vera barrierar for å ta kontakt. God erfaring med hjelp til barnet
såg ut til å viske bort desse barrierane. At skulehelsetenesta vart sett som uavhengig syntes
å verka fremjande for kontakten. Når mødrene først hadde bestemt seg for å ta kontakt var
det lett å nå helsesøster.
Konklusjon: Samla sett er det mykje som talar for at mødrene erfarte at helsesøster i
barneskulen bidrog til å fremje barnet deira si helse. Det kan likevel synast som at tenesta
har ei særleg utfordring med å leggje betre til rette for å senke terskelen for å ta kontakt.
Description
Master's thesis in Health and social sciences