dc.description.abstract | Formålet med studien var å oppnå auka forståing for korleis idebaserte interorganisatoriske samarbeidsrelasjonar innanfor offentleg sektor utviklar seg, slik at ein tileigna seg auka kompetanse i å leggje til rette for og å leia slike prosessar.
Studien er lagt opp som ei teoriutviklande casestudie. Empirien er basert på deltakande observasjon, dokumentanalyse og halvstrukturerte intervju med fem respondentar.
I dette caset tok ekstern tredje part initiativ til at to andre organisasjonar innanfor offentleg sektor skulle utvikle ein innovasjonside; varige samarbeidsmodellar mellom lærarutdannings-institusjon og skule- og barnehageeigar.
Studiens problemstilling var å undersøkje i kva grad partane i etterkant av statens initiativ, hadde ein relasjon der prosessane var prega av samarbeid om å nå eit felles mål. Studien undersøkte i kva grad denne idebaserte relasjonen likna eit samarbeidande IOR slik Van de Ven et al definerar det i boka The Innovation Journey. (1999) I tillegg la studien opp til å undersøkje om denne eksternt initierte og idebaserte samarbeidsrelasjon innanfor offentleg sektor utvikla seg ved hjelp av dei same prosessane som modellen til Ring og Van de Ven foreslo. (1994)
Studien viser at partane har ein relasjon i etterkant av statens initiativ, men dei har ikkje ei felles forståing av at dette er eit samarbeidande IOR. Nokre av dei kommunale aktørane opplever at lærarutdanningsinstitusjonen styrer samarbeidet på eiga hand. Sjølv om aktørane opplever denne relasjonen som meir positiv enn det ordinære samarbeidet, skulle dei kommunale aktørane ønskt eit meir omfattande og likeverdig samarbeid. Men alle aktørane opplever positivt utbytte av samhandlinga, inkludert utilsikta positive effektar.
Dette IOR-et skil seg frå samarbeidande IOR ved at korkje toppsjefar i organisasjonane eller dei samhandlande aktørane tek ei aktiv leiarrolle. Aktørane som samhandlar er få og dei har ei avventande haldning til mange spørsmål. Aktørane set ikkje ord på usemje og kritikk i fellesfora. Dermed utviklar dei heller ikkje ei felles forståing av situasjonen.
Sjølv om ein i dette caset, finn igjen prosessane til Ring og Van de Ven, er det lite bruk av formell forhandling og legale kontraktar. Omfanget av samarbeidet vert gradvis mindre, og aktørane utfører handlingane stort sett i eigen organisasjon.
Aktørane opplever at tredje parts rolle og føringar for prosjektet, eksterne hendingar og kontekstuelle forhold avgrensar handlingsrommet deira. Dette påverkar i kva grad partane opplever at dei kan forhandle, forplikte seg og utføre handlingar. Fleire faktorar som partar i privat sektor kan påverke, vert eksterne faktorar for aktørane i dette caset. Dette gjer IOR-et sårbart for eksterne hendingar. Studien kan tyde på at eksternt initierte prosjekt i offentleg sektor stiller store krav til aktøranes sensitivitet for eksterne endringar og kompetanse til å tilpasse IOR-et saman i tråd med desse endringane.
Studien gjev innspel til korleis slike ekstert initierte prosjekt i offentleg sektor kan tilretteleggjast og leiast i framtida. Initiativtakar kan syte for samsvar mellom ambisjonsnivå i utlysingstekst og tildeling av midlar og god tid frå utlysingstidspunkt til søknadsfrist. I tillegg må initiativtakar syte for at prosjektet vert organiserast i tråd med intensjonen om likeverdige partar. Partane som deltek må setje ord på usemje, setje av tid til drøftingar og realistiske konkretiseringar i byrjinga av prosjektet. Partane må etablera hyppige samhandlingsarenaer slik at dei har eit forum der dei kan tilpasse IOR-et til stadige, eksterne endringar. Organisasjonanes leiarar må vera klar over at utvikling av samarbeidande IOR krev aktive leiarar som fyller rolla som institusjonelle leiarar dersom IOR-et skal bli robust og kunne utvikle seg over tid. | en_US |