Dødekontakt i Rogaland
Original version
Kalvig, A. (2013) Dødekontakt i Rogaland. Kirke og kultur, 118(2) pp. 132-145Abstract
På ein hotellrestaurant i Sandnes sit Anita Helen Rasmussen, kjent norsk medium som i 2011 kom på andreplass i TV Norge sin seriesuksess «Jakten på den 6. sans». Eg, ein religionshistorikar som arbeider med eit forskingsprosjekt om døden som grense, og Anita samtalar om forståingar av død, om korleis Anita opplever kommunikasjonen og interaksjonen med dei døde, og om korleis ho opplever at omverda ser på hennar «overnaturlege» evner og spiritistiske gjerning. Mot slutten av samtalen formidlar ho, slik ho sjølv opplever det, beskjedar frå mine døde slektningar.
Ein del av dei som «kjem igjennom», som det heiter, kjenner eg ikkje igjen, men når ho erklærer at ho sansar ein kvinneleg slektning som elska perler og hattar, må det så klart vera mormor som er nær! Anita hermar etter låtten hennar, og høyrest akkurat ut som henne. At Anita som mogleg kontaktledd mellom mormor og meg, festa seg ved perler og hattar, er påfallande og morosamt: Pyntar folk seg i dødsriket óg? Anita og hennar virke illustrerer ei rekke tilhøve ved spiritisme som fenomen som eg undersøker vidare i det følgjande: Kva er kjenneteikn ved dagens spiritisme som spirituell praksis og førestillingsverd, slik denne viser seg i Rogaland? Kva globale trendar er spiritisme og mediumskap del av? Er dette ei kontroversiell form for nyreligiøsitet? Eg undersøker nedanfor spiritisme som fenomen med Anita Helen Rasmussen som eitt døme, og trekk inn andre spiritistiske aktørar og feltarbeid eg har utført i tilknyting til spiritisme.