Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKalvig, Anne
dc.date.accessioned2014-02-04T15:01:15Z
dc.date.available2014-02-04T15:01:15Z
dc.date.issued2013-06
dc.identifier.citationKalvig, A. (2013) Dødekontakt i Rogaland. Kirke og kultur, 118(2) pp. 132-145no_NO
dc.identifier.issn0023-186x
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185305
dc.description.abstractPå ein hotellrestaurant i Sandnes sit Anita Helen Rasmussen, kjent norsk medium som i 2011 kom på andreplass i TV Norge sin seriesuksess «Jakten på den 6. sans». Eg, ein religionshistorikar som arbeider med eit forskingsprosjekt om døden som grense, og Anita samtalar om forståingar av død, om korleis Anita opplever kommunikasjonen og interaksjonen med dei døde, og om korleis ho opplever at omverda ser på hennar «overnaturlege» evner og spiritistiske gjerning. Mot slutten av samtalen formidlar ho, slik ho sjølv opplever det, beskjedar frå mine døde slektningar. Ein del av dei som «kjem igjennom», som det heiter, kjenner eg ikkje igjen, men når ho erklærer at ho sansar ein kvinneleg slektning som elska perler og hattar, må det så klart vera mormor som er nær! Anita hermar etter låtten hennar, og høyrest akkurat ut som henne. At Anita som mogleg kontaktledd mellom mormor og meg, festa seg ved perler og hattar, er påfallande og morosamt: Pyntar folk seg i dødsriket óg? Anita og hennar virke illustrerer ei rekke tilhøve ved spiritisme som fenomen som eg undersøker vidare i det følgjande: Kva er kjenneteikn ved dagens spiritisme som spirituell praksis og førestillingsverd, slik denne viser seg i Rogaland? Kva globale trendar er spiritisme og mediumskap del av? Er dette ei kontroversiell form for nyreligiøsitet? Eg undersøker nedanfor spiritisme som fenomen med Anita Helen Rasmussen som eitt døme, og trekk inn andre spiritistiske aktørar og feltarbeid eg har utført i tilknyting til spiritisme.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversitetsforlagetno_NO
dc.subjectreligionno_NO
dc.subjectnyreligiøsitetno_NO
dc.subjectspiritismeno_NO
dc.subjectRogalandno_NO
dc.titleDødekontakt i Rogalandno_NO
dc.typeJournal articleno_NO
dc.typePeer reviewedno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Theology and religious science: 150no_NO
dc.source.pagenumber132-145no_NO
dc.source.volume118no_NO
dc.source.journalKirke og Kulturno_NO
dc.source.issue2no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel