Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTollaksen, Merete
dc.date.accessioned2008-07-21T07:43:59Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185314
dc.descriptionMaster's thesis in Lesevitenskap
dc.description.abstractKven er læreverkets modellesar? Det var det eigentlege overordna målet med denne avhandlinga. For å nå dette målet har eg undersøkt kva kunnskap læreverket ynskjer å utvikle hos sine lesarar og korleis lesaren blir forma og utvikla i tekstane. Modellesarteorien har difor danna ein horisont eller ein bakgrunn i det bilete eg har teikna opp av læreverkets modellesar. Den må og bli oppfatta som sjølve byggesteinen i framstellinga, og er nærverande gjennom alle kapitla. Gjennom mellomalderen, renessanseuniverset, klassisismen og Baudelaires tid, har eg leia lesarane mine i jakta på korleis læreverket legg føringar og instruerer modellesaren i lesinga. Teorikapitlet og analysekapitla avdekka ei systematisk oppbygging av ein universell modellesar som læreverket freistar å danna inn i eit europeisk kulturelt perspektiv. Den metaforiske overføringsmetoden skal løyse dette. Denne måten å danna dei unge lesarane på, er ein overgripande metode i høve til tekstane eg har studert i læreverket. Difor må den bli oppfatta som allmenngyldig, legitim og universell i eit europeisk kulturelt perspektiv. Læreverket trekk ein metafor eller ein symolsk strategi ut av tekstane, lyfter dette opp til ein allmenngyldig lesemåte og relarterer dette til ulike sider ved lesarens liv. I denne erkjenningsprosessen skal lesaren komme fram til ei innsikt om seg sjølv og eigne erfaringar. Læreverket tok altså ikkje omsyn til dei estetiske dragnader, stilistiske kvalitetar, og poetiske høgdepunkta i i utforminga av modellesarane sine. Lesinga kom i ubalanse.Av den grunn så eg det naudsynt å syna mine lesarar korleis læreverket kunne ha nytta seg av det læringspotensialet som ulmer under tekstoverflata og berre ventar på å bli dregen opp og kopla til eit nysgjerrig lesarsinn. Intensjonen med å presentere ulike leseposisjonar i høve til tekstane, var å opne opp for fleirdimensjonerte perspektiv i lesinga og klargjere det kunnskapsutviklande potensialet som læreverkets modellesar kan få innsikt i. Sjølv om eg skildra dei kunnskapsutviklande trekka som læreverket systematisk freista å utvikle som ein del av erkjennings og danningsprosessen, vart portrettet ikkje fullkomme. Å leia lesarane inn i den symbolske modusen, utan å rettleie lesarane sine på ein kvalifisert måte, røper ei uvisse hos læreverket. Eg vil difor minne lesarane mine om at det kanskje likevel er von om å sjå dei strålane som Dante såg da han kom til foten av kollen. I allefall når vi tenker på dei løynde poetiske og estetiske skattane desse tekstane skjuler. Strålar som kan kaste lys over andre leseposisjonar, og skapa nye måtar å forme lesarane sine på. Lesemåtar som balanserer mellom den erkjennande og dannande lesemåten og dei estetiske og poetiske dimensjonane.
dc.format.extent412866 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonor
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norway
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2008
dc.subjectmodellesaren
dc.subjectdanning
dc.subjectløynde poetiske skattar
dc.subjectmetaforiske overføringsmetoden
dc.subjectmellomalderen
dc.subjectdiktning
dc.subjectpoesi
dc.subjectlesevitenskap
dc.titleDanning og løynde poetiske skattar : læreverket og modellesaren
dc.typeMaster thesis
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel