Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSønneland, Margrethe
dc.date.accessioned2009-01-29T09:07:02Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185324
dc.descriptionMaster's thesis in Lesevitenskapen
dc.description.abstractDen provoserande, vridane leiken til Jesus Messias er ei årsak til at boka vart hovudobjekt for avhandlinga. Eg tykte ho skilte seg slik ut frå andre Garborgtekstar, og at ho trass i skilnaden, verka til å sitja fast i eit hundreår gammalt episteme. Det var trekk med skrivemåten til Garborg i denne teksten i tillegg til reaksjon på lesingane av boka, som gjorde at eg lurte på om boka handla om noko anna enn Jesus. Eg undersøkte om det var rimeleg å påstå at Jesus Messias handla om tekst. På bakgrunn av dei ulike tilhøva eg diskuterte, la eg opp til eit perspektiv der eg såg på Jesus Messias som fungerande i eit fiktivt kommunikasjonsunivers. Sjølv om eg tok normene frå konteksten med meg, var det primært dei tekstlege konstruksjonane eg var oppteken av. Eg har prøvde å klargjera korleis eg skjønte tekstomgrepet, og såleis inkluderte det munnlege og skriftlege ordet. På bakgrunn av den teoretiske drøftinga valde eg eit perspektiv der eg såg på teksten som eit både - og. Teksten er det estetiske, samstundes som den gjer noko. Her er ulike føresetnader eg tok med meg inn i analysen, og som danna utgangspunktet for kva blikk eg nærma meg teksten med. Den eine var dei førestillingane eg har om kva som er Garborgs ”ånd”, den andre var trongen og funksjonen til ein narrativ, lineær figur. Dei estetiske trekka viste fram intertekstualiteten i Jesus Messias. Det typiske for Jesus Messias, frå dette perspektivet, var altså at boka gjentok annan tekst. Ho viste eksplisitt og implisitt til det mangfaldet av tekstar som eksisterer i verda, og som alle tekstar, til og med Bibelen, er eit resultat av. Kor Jesus Messias byrjar og kor ho sluttar er problematisk å fastsetja. Intertekstualiteten peikar på eit manglande stabilt opphav. Måten Jesus Messias er sett saman på, gjer at ein kan spora desse rasjonelle brota. Skrivemåten viser fram avbrytingar som fører til at illusjonen får eit problem. Når ein vert merksam på dei rasjonelle brota, leier denne merksemda til ein permanent suspensjon av ein narrativ orden. Brota fører ikkje berre til ei avbryting ein einaste stad der ein kan finna dei, men overalt i teksten. I Jesus Messias handlar det om det skriftlege og munnlege ordet i dobbel forstand. Garborg prøver å gjeva det munnlege ordet ein eksplosiv kraft, slik at det kan gjenreisa bodet om nestekjærleik, og avsetja tanken om hemn. Det munnlege ordet er demokratisk og ærleg, autentisk og ekte. Garborg demonstrerer at det er mennesket som styrer orda, og som burde kunne skapa noko nytt i og med evna til omskaping og arbeid. Det er dei munnlege orda som fungerer mellom folket, og som folket eig. Det er orda frå Jesus som skal triumfera over dei gamle skriftene. Det nye ordet, frå Jesus, brukte denne munnlege krafta for å gjenreisa tanken om nestekjærleik - dei mellommenneskelege relasjonane - brodertanken og kjærleiksbodet til nesten, det var det som skulle gjelda. Dei munnlege orda vert haldne fram som dei som kan skapa noko nytt; sigra over gamle skrifter. Det munnlege ordet er rettferd i Jesus Messias. Det skriftlege ordet var til for dei skriftlærde hjå dei ulike kyrkjelydane, og for særleg kunnige. Skrift var tilgang til makt, og førebels udemokratisk. Garborg viser fram kor verknadsfulle dei munnlege sogene er, samstundes som han held fram det effektive og fungerande ved slike former. Det munnlege vert seinare innlemma i skrift, og då kjem problema til syne. Garborg held fram det munnlege som det eigentlege, og måten å innlemma det munnlege i skrift på vert problematisk. Det spenningsforholdet mellom det munnlege og skriftlege ordet, det doble, vekselverknaden mellom vektinga av dei, kan botna i eit forsøk på å modellera ein munnleg tradisjon i skrift. Problema kjem når dei munnlege måtane å ytra, læra og danna på, skal verta ”kopiert” ned i skrift. Slik kan ein då argumentera for at skrift er skilnad. Skriftar kan skapa eigne ”univers”. Problema veks ut når ein ynskjer seg eit samanfall mellom det munnlege og skriftlege ordet. Dette spenningsforholdet mellom det munnlege og skriftlege som teksten til Garborg peiker på, viser problema med å kopiera ein munnleg tradisjon i skrift. Jesus Messias handlar altså om tekst i dobbel forstand: ho handlar om korleis Garborg gjer det mogleg å utsetta ”munnlege” narrativ som dei me finn i Bibelen for kritikk, og Jesus Messias handlar om det problematiske med å innlemma likningar og andre narrativ ned i skriftform. Slik vert hypotesen styrka i dobbel forstand.en
dc.format.extent32888925 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2008en
dc.subjectnarrativen
dc.subjectArne Garborgen
dc.subjectJesus Messiasen
dc.subjectintertekstualiteten
dc.subjectlesevitenskap
dc.titleI opphavet var (ikkje) ordet : narrative brot i Arne Garborgs Jesus Messias (1906)en
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel