Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSørskog, Mari
dc.date.accessioned2013-10-31T12:55:19Z
dc.date.available2013-10-31T12:55:19Z
dc.date.issued2013-05-15
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185454
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studiesno_NO
dc.description.abstractI masteroppgåva gjer eg ei romleg nærlesing av Hanne Ørstaviks roman Hyenene (2012). Utgangspunktet for den romlege lesinga er å sjå korleis hovudpersonen Siv definerer seg sjølv med utgangspunkt i den romlege dimensjonen i romanen. Kroppen, sinnet (språket) og omgivnadane speler inn i prosessen. Eg har teke utgangspunkt i Frederik Tygstrup teoriar om romlegheita i litteraturen. Han deler litteraturens rom inn i handlingsrom, stemningsrom og anskuelsesrom. Det er utveljinga av element i romma og forbindingane mellom desse som gjer at litteraturen kan attskape det levde rom. Kroppsrommet er eit eige rom i romanen som eg knyter saman med anskuelsesrommet. Desse har vore åtskilt, noko som gjer at kroppen gjennom deler av romanen er eit isolert rom. Etter kvart vert desse bunde saman. Eg har supplert Tygstrups teoriar med Hanne Ørstaviks poetikk om mellomromma. Eit av dei mest sentrale mellomromma i romanen som speler inn på den eksistensielle tematikken i form av subjektskonstruksjonen er rommet mellom tanke og kropp. I mellomrommet finn ein nærvær og rørsle som gjer det mogleg å kome i kontakt med det levande uttrykt i lyster, vilje og behov. Kor det er liv finst rørsler. I mellomrommets rørsler finn vekst og utvikling stad og her kan kropp og sinn spele inn på kvarandre. Det er rommet som vert utforska i romanen, og ikkje tida. Den lineære ytre handlinga kjem i bakgrunnen og sansinga, refleksjonane, skildringane og dei indre prosessane driv romanen fram. Forholdet mellom tid og rom kallast kronotop og forbindast med Mikhail Bakhtin. Fokuset på detaljerte skildringar i omgivnadane og prosessane i kroppen og anskuelsen gjer at romanens kronotop vert forskove frå tid mot rom kor hovudpersonens samspel med omgivnadane vert vektlagt. Ein ser og korleis elementa i det ytre rommet vert brukt som metaforar på prosessane som finn stad i dei indre romma. I tillegg er det ytre rommet ramma rundt forteljinga. Den romlege lesinga får fram dei ulike nivå og synleggjer dei. Ei romleg lesing av Hyenene får fram samanhengar som ikkje alltid er synlege for oss og utfordrar den verda me har innretta oss i. Den romlege lesinga viser at me har fleire lag i oss og at det er fleire lag i det å leve. Abstract In this master thesis I have studied the phenomenon of space in Hanne Ørstavik´s novel Hyenene (2012). The space in the novel is linked directly to the main character`s construction of self (identity). The body, mind (language) and surroundings play important roles in this construction. I have used Frederik Tygstrup´s ideas of space in literature as a basis. He has divided space into the categories; action, atmosphere and mind. What makes space possible in literature are the chosen elements that make up these spaces on one hand and the connection between them on the other hand. In addition to these spaces, I have added the body as a fourth category. The body has been separated from the mind and it is an isolated room. Eventually the body and mind are connected in the novel. In addition to Tygstrup, I have also used Hanne Ørstavik´s poetics of the space in between. One important space in between is the space between body and mind. This is where the construction of the identity finds place and where you can find development and growth. In the space in between you find movement and changes. This is connected with a presence. It is about life here and now and connecting with the inner space. The connection between time and space is called chronotop which is linked to Mikhail Bakhtin. The associations, thoughts, bodily focus, descriptions and surroundings are the main factors that make the novel progress. Space is the main focus which puts the temporality in the background. The surroundings are used as the place where the action takes place, and as metaphors for what is going on inside the main character. A study of space makes these levels visible. A study of space in literature makes elements in life look more concrete and clear than what it would have been more traditional ways of interpreting literature. It challenges our lives where we often see things in familiar ways. There are many levels in life and in living.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2013;
dc.subjectlesevitenskapno_NO
dc.subjectliteracy studiesno_NO
dc.subjectlesevitskapno_NO
dc.subjectBakhtinno_NO
dc.subjectHanne Ørstavikno_NO
dc.subjectsubjektskonstruksjonno_NO
dc.subjectTygstrupno_NO
dc.subjectkronotopno_NO
dc.titleMellomrom, rørsle og nærvær. Ei romleg lesing av Hanne Ørstaviks roman Hyenene (2012)no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::General literary science: 041no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel