Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæbø, Johanne Ur
dc.date.accessioned2013-10-31T12:45:54Z
dc.date.available2013-10-31T12:45:54Z
dc.date.issued2013-05-13
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185466
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studiesno_NO
dc.description.abstractI arbeidet mitt som lærar ved ein tilrettelagd avdeling i vidaregåande skule må eg stadig ha i tankane kva som er mogleg og tenleg å ha som mål for den enkelte elev. Deltaking for alle er eit demokratisk mål, og viktig å støtta oppunder i opplæringa. Det er kanskje desto viktigare å vera merksam på dette når det gjeld personar med generelle lærevanskar. I eit tekstrikt samfunn har òg lesing og skriving innverknad på deltakinga. Eg har ønska å finna ut kva det er for tekstbruk som påverkar deltakinga i størst mogleg grad, og om tilgangen til og bruken av desse tekstane er slik at den enkelte både opplever seg som deltakande og er i relasjonar prega av medverknad. Eg har villa få fram eit innanfrå-perspektiv slik at personane det gjeld si stemme blir høyrd, og har derfor nytta semi-strukturerte intervju for å henta fram kvar av informantane sine tankar og opplevingar. I tillegg har eg observert dei i ulike situasjonar; på jobb, i heimen og på fritidsaktivitetar. Eg har ønska å få eit mangfaldig bilete av tekstbruken og kvardagen deira, slik at den fyldige beskrivinga kunne støtta opp om deira utsegn. Tekstbruken har eg plassert i sju kategoriar: 1) Organisering av livet, 2) personleg kommunikasjon, 3) private fritidsføremål, 4) dokumentasjon av livet, 5) å skapa meining og finna ut av ting og 6) sosial deltaking, alle lånt av David Barton og Mary Hamilton (2012, s. 248ff). Eg har lagt til 7) utføring av arbeid, fordi tekstbruken i samband med jobb synte seg viktig når det gjaldt deltaking for mine informantar. Funna har eg vidare drøfta opp mot fire ulike tilnærmingar til deltakingsomgrepet: funksjonsorientert-, subjektiv-, sosial- og relasjonell forståing (Ness, 2011). Det kjem fram at informantane mine opplever seg som deltakande. Dei nyttar tekst ganske uanstrengt, utan å reflektera særleg over manglande lese- og skriveferdigheiter. Tekstbruken gir meining for dei, og dei er først og fremst opptatt av funksjon, som til dømes å halda styr på aktivitetar, kommunisera med venner, kreativ skriving, lesing av oppskrifter og tv- program, og å nytta rutetabellar for å finna fram i kollektivtilbodet. Det at det i samfunnet er opna for fleire tekstformer kjem dei til gode. Eit døme er den eine informanten si Facebook- melding til ordføraren med krav om at husleiga ikkje skulle stige, noko som førde fram. På nokre felt blir deltakinga likevel innskrenka. Formelle tekstar som omhandlar den enkelte sitt tilvere og tiltak i samband med dette, opplevest som lite tilgjengelege. Brukarane blir utrygge på innhaldet, og har ikkje noko eigartilhøve til tekstar som absolutt skulle vore ”deira”. Personar som av ulike årsakar er avhengig av tenesteytarar kan i tillegg risikera at informasjon ikkje kjem fram fordi den må gå gjennom fleire personar. Sjølv om tiltaka då er meint å vera til hjelp for personen med generelle lærevanskar, hindrar dei deltaking. Det syner seg då at kontekstuelle utbetringar vil kunna bidra til at personar med generelle lærevanskar kan delta i større grad. Ei slik økologisk tilnærming vil gjera at ein ikkje berre fokuserer på manglande individuelle ferdigheiter, men likeså gjerne finn løysingar i omgjevnadane. Ei slik tilnærming vil personar med generelle lærevanskar profittera stort på.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2013;
dc.subjectlesevitenskapno_NO
dc.subjectliteracyno_NO
dc.subjecttekstbrukno_NO
dc.subjectgenerelle lærevanskarno_NO
dc.subjectutviklingshemmingno_NO
dc.subjectdeltakingno_NO
dc.subjectlesevitskapno_NO
dc.titleBerre med på liksom? Tekstbruk og deltaking for personar med generelle lærevanskarno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::General literary science: 041no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel