Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHebnes, Ane Camilla
dc.date.accessioned2010-08-13T08:15:00Z
dc.date.available2010-08-13T08:15:00Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185645
dc.descriptionMaster's thesis in Special educationen_US
dc.description.abstractÅ utvikle språk er noko av det viktigaste som skjer i eit barn sitt liv. Språket gir identitet og tilhøyring, samtidig som barnet lærer å forstå seg sjølv og omverda gjennom språket. Dette er avgjerande for barn si vidare utvikling, både intellektuelt, sosialt og emosjonelt (Espenakk mfl,2003). Læring av språk skjer i ein sosial samanheng i samspel med andre menneske (Säljø, 2001). Det er nær relasjon mellom språkleg og sosial kompetanse. Sosiale erfaringar påverkar språk, og språklege dugleikar påverkar det sosiale miljøet på ein dynamisk måte (Fujiki, 1994). Det er viktig at barn utviklar språkleg og sosial kompetanse, for dette er viktig i forhold til deira vidare utvikling. Tidelege undersøkingar har blant anna vist at språkleg kompetanse speler ei viktig rolle for å få sosial aksept. Barn med språkvanskar er mindre attraktive som leikekameratar, og dei har blant anna problem med å få sosiale relasjonar til å bli venskap (Gertner, 1994). Det å få kunnskap om samanhengen mellom språkleg og sosial kompetanse kan hjelpe oss i arbeid med barn som har utvikla vanskar, eller som står i fare for å utvikle vanskar. Kunnskapen kan hjelpe oss i korleis me kan setje i gang målretta tiltak. Studiar som er retta mot samanhengen mellom språkleg og sosial meistring har fyrst og fremst dreia seg om eldre barn, og barn som allereie har utvikla vanskar. Det er får studiar som er gjort av små barn, og av barn i normalpopulasjonen. I denne studien har eg gjort ei kvantitativ undersøking av 645 barn på 2,9 år som er med i ”Stavangerprosjektet”. Data i forhold til dette prosjektet var allereie henta inn. Eg har sett på om små barn sin språklege meistring har noko å seie for den sosiale kompetansen deira. Eg har tatt utgangspunkt i områda Uttale, Ordproduksjon og Språkforståelse i observasjonsmateriellet ”TRAS”, og områda Lek og Trivsel i observasjonsmateriellet ”Alle med”. Funna viser at det er stor spreiing blant barna i forhold til deira språklege og sosiale meistring når dei er 2,9 år. Dersom ein ser på korrelasjonsanalysane, ser ein at det er høg samanheng mellom hovudområda språkleg meistring (Uttale, Ordproduksjon og Språkforståelse) og sosial kompetanse (Lek og Trivsel). Det er og høge korrelasjonar mellom dei tre valte delområda i TRAS, og dei valte delområda i ”Alle med”. Det er ikkje gjort studiar før som viser betydinga uttalen har å seie for små barn sin sosiale kompetanse. Ein har trudd at uttalen ikkje har så mykje å seie for barn sin leikekompetanse når dei er så små. No viser denne studien at det kan tyde på at god uttalekompetanse har mykje å seie for gode leikedugleikar og høg trivsel. Dette er eit interessant funn som kunne bli forska meir på. Når det blei føreteke korrelasjonsanalysar mellom språkleg meistring og enkeltvariablar i forhold til områda Lek og Trivsel, kunne ein sjå at dei observasjonsutsegna som fekk høgast korrelasjon var dei ein fann under aldersgruppa 3-4 år. Dette kan tyde på at dess meir avansert sosial meistring, dess meir har den språklege kompetansen å seie. Når barn på 2,9 år har ein språkleg meistring innan alderstrinnet 3-4 år, klarar dei og å gå inn meir avanserte sosiale ”settingar”. Ein fann dei same tendensane når ein korrelerer observasjonsutsegn innan områda Uttale, Ordproduksjon og Språkforståelse i TRAS, med observasjonsutsegn i områda Lek og Trivsel i ”Alle med” . Her korrelerte observasjonsutsegn i aldersgruppa 3-4 år i ”TRAS” med observasjonsutsegn i aldersgruppa 3-4 år i ”Alle med”. Konklusjonen på denne studien blir altså at funna tyder på at den språklege kompetansen barna har når dei er 2,9 år, er viktig i forhold til den sosiale kompetansen deira. Det er viktig at me som arbeidar med barn har kunnskap om dette, slik at me kan hjelpe og setje i gang tiltak mot barn som står i fare for å utvikle vanskar. Det er og viktig å ta på alvor arbeidet med den språklege og sosiale kompetansen til barna, når ein ser betydninga dette har å seie for barn sine mulighetar til blant anna å danne venskap og trivast i barnehagen. Ein veit at det er bra med tidleg intervensjon, og ein må derfor starte så tidleg som mogleg med observasjon og kartelegging av den språklege og sosiale kompetansen til barna. I og med at det er så stor spreiing i meistring til barna, er det og viktig at ein legg til rette for opplegg som gir utfordringar til både dei sterke og dei svake barna. Det ville vore interessant med fleire studiar som hadde sett på om andre område innafor språk er av like stor betydning for små barn si sosiale meistring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IAS/2010;
dc.subjectspesialpedagogikken_US
dc.subjectStavangerprosjekteten_US
dc.subjectSamanhengen mellom språkleg og sosial meistringen_US
dc.subjectobservasjonsmateriella ”TRAS” og ”Alle med”en_US
dc.subjectALLE MED-observasjonsverktøy
dc.titleSamanhengen mellom språkleg og sosial meistring : har språkleg meistring noko å seie for den sosiale kompetansen hos små barn?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282en_US
dc.source.pagenumber90 p.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel