Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBrenden, Benedikte
dc.date.accessioned2011-08-08T13:44:02Z
dc.date.available2011-08-08T13:44:02Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185701
dc.descriptionMaster's thesis in Special educationen_US
dc.description.abstractSpråk er eit verktøy eller reiskap ein nyttar for å kunne handle i og forstå omverda ifølgje Säljö (2001), og barnet si språktileigning skjer i eit komplisert samspel mellom biologiske, kognitive og sosiale faktorar (Lyster, 2010). Basisferdigheitene knytt til språkutviklinga er for dei fleste barn etablert ved fireårsalderen, og det er i hovudsak ordforrådet og kommunikasjonsferdigheiter som utviklar seg frå dette alderstrinnet (Lyster, 2010). Barnehagen har ei viktig oppgåve med å følgja barn si utvikling av ordforråd og språkforståing. Det viser seg at barn med dårleg utvikla ordforråd og språkforståing ofte kjem til kort i leik med jamaldrande i barnehagen, og dei kan òg risikera å få problem seinare i skulesamanheng (Å. K. Wagner, 2003). Forsking viser at det er ein samanheng mellom språk og åtferd, kor barn med språkvanskar viser meir internalisert åtferd og har dårlegare sosial kompetanse enn barn utan språkvanskar (Marton, Abramoff, & Rosenzweig, 2005; McCabe & Marshall, 2006). Det viser seg at barn med vanskar i kommunikasjon er mindre attraktive i leik, og blir tatt mindre kontakt med av jamaldrande (Fujiki & Brinton, 1994). Barn som blir ekskludert frå leik og sosiale interaksjonar trekkjer seg ofte bort frå sosialt krevjande situasjonar som resultat av desse erfaringane, og ser ut til å ha dårlegare sosial sjølvkjensle (Marton, et al., 2005; McCabe & Marshall, 2006; Stanton-Chapman, Justice, Skibbe, & Grant, 2007). Det er lite forsking på samanhengen mellom språk og åtferd hjå normalpopulasjonen, og det er eit behov for å få auka kunnskapen på dette området. Auka kunnskap vil kunne hjelpe oss med å lettare sjå dei barna som utviklar vanskar, eller står i fare for å utvikla vanskar. Den forskinga som allereie ligg føre på området er for det meste forsking på førskulebarn der ein spesifikk språkleg vanske ligg til grunn når ein ser på sosiale vanskar, eller barna har sosiale og emosjonelle vanskar der ein i tillegg kan finna språklege vanskar (Redmond & Rice, 1998). For å betre kunne oppdaga dei barna som strevar med språket trengst det meir kunnskap om samanhengen mellom språk og åtferd hjå barn utan ein diagnose. I denne masteroppgåva har eg gjort ei kvantitativ undersøking av 239 barn på 4,9 år som er med i Stavangerprosjektet ”Det lærende barnet”. Data til prosjektet var allereie innhenta ved bruk av observasjonsmaterialet ”Alle med” og observasjonsmaterialet TRAS. Observasjonsmateriala har som mål å observera barn si meistring innan språklege og sosiale utvikling og avdekka eventuelle vanskar. Målet for min studie var å sjå på om grad av språkleg meistring hadde noko å seia for barn si sosiale fungering ved alderen 4,9 år. Områda kommunikasjon og språkforståing i TRAS blei valt for å visa barn si meistring i språk, medan sosio/emosjonell, leik og trivsel i ”Alle med” blei valt for å visa barnet si meistring i sosial fungering. Statistikkprogrammet SPSS vart nytta i analyseprosessen, og frekvensanalysar, korrelasjonsanlysar og variansanalysar vart nytta til å frambringa resultat frå datamaterialet. Funna frå studien viser at dei fleste barna har nesten full eller full språkleg meistring når dei er 4,9 år. Barna meistrar betre språkforståing enn kommunikasjon. Dei fleste viser òg at dei har full meistring på sosial fungering for sitt eige alderstrinn, og rundt halvparten meistrar meir enn kva som er forventa ut frå deira alder. I korrelasjonsanalysane kjem det fram at det er ein høg samanheng mellom samla språk (kommunikasjon og språkforståing) og sosial fungering (sosio/emosjonell, leik og trivsel). Dette stemmer med forsking på området. Trivsel har ein noko lågare samanheng med språk enn kva variabelen sosio/emosjonell og leik har. Dette kan tyde på at det er andre faktorar i tillegg til språk (kommunikasjon og språkforståing) som kan gjenspegla barna sin trivsel. I variansanalysane vart det undersøkt om det hadde noko tyding for barns sosiale fungering om barn hadde dårleg, middels eller god språkleg meistring. Resultata synte signifikante forskjellar mellom gruppene i sosial fungering når dei var delt inn etter dårleg, middels og god språkforståing, medan det ikkje var noko forskjell mellom barn med middels og god kommunikasjon. Kvifor det var forskjellar mellom alle tre nivåa i språkforståing og ikkje i kommunikasjon vil bli forklart i slutten av drøftinga.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IAS/2011;
dc.subjectspesialpedagogikken_US
dc.subjectspråken_US
dc.subjectsosial fungeringen_US
dc.subjectALLE MED-observasjonsverktøyen_US
dc.subjectTRASen_US
dc.subjectførskulebarnen_US
dc.subjectkommunikasjonen_US
dc.subjectspråkforståingen_US
dc.titleSpråk og åtferd : om samanhengen mellom språk og sosial fungering hjå 4,9 åringaneen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel