Lagnaden til politiinspektør Hans Jakob Skaar Pedersen – ei drøfting av historiebruk under kunnskapsløftet
Master thesis
View/ Open
Date
2014-05-16Metadata
Show full item recordCollections
- Student papers (HF-IKS) [920]
Abstract
Eg skal i denne masteroppgåva sjå nærare på historia til og historiebruken om Hans
Jacob Skaar Pedersen (1903-1946), politifullmektig i Statspolitiet i Stavanger (1943-
45), som etter at den andre verdskrigen tok slutt vart arrestert, dømd og avretta for
tortur og landssvik. Det teoretiske ramma for oppgåva er henta frå historiedidaktikk
og er sentrert om omgrepa historiebruk og historiemedvit. Den normative ramma er
gjeldande læreplan kunnskapsløftet for historie VG3 studieforberedande
utdanningsprogram1(heretter KL06). Saka om Skaar Pedersen er tidligare presentert i
ulike historiske framstillingar. I denne masteroppgåva ønsker eg å drøfta korleis ein
kan nytte denne saka, slik den er og slik den er framstilt, på ein konstruktiv måte i
undervisning. Målsettinga er å vise korleis fortida er ein konstruksjon, framstilt i ei
samtid, lest i ei notid.
Description
Master's thesis in History didactics