Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSjurstræ, Karina
dc.date.accessioned2016-11-15T12:44:15Z
dc.date.available2016-11-15T12:44:15Z
dc.date.issued2016-05-31
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2420994
dc.descriptionMaster's thesis in Social worknb_NO
dc.description.abstractBakgrunn Vernepleiarar, sjukepleiarar, barnevernspedagogar og anna helsepersonell står stadig i eit spenningsfelt av forventningar og resurssinnskrenkingar. Færre tilsette, auka forventningar til prestasjonar og krevjande arbeidsoppgåver, kan gjere noko med arbeidsmiljøet, plasseringa av fokus i dei daglege arbeidsoppgåvene og samhandlinga med brukaren. Menneske med ein utviklingshemming kan oppfattast som ei svakare gruppe i samfunnet. I kommunale bustadar er målet at dei skal få tilrettelagt sin kvardag for å auke sine ressursar og ferdigheiter for å meistre sitt eige liv og få ein meiningsfylt kvardag. Fleire yrkesgrupper arbeider mot dei same måla og må samhandle på fleire nivå for å nå dei. Det er forska mykje på korleis arbeidsmiljøet verkar inn på arbeidstakarane, men lite om korleis det verkar inn på samhandlinga med brukaren. Kontinuitet og samordning av arbeidsoppgåver og prosedyrar kan vere sentralt for å ivareta brukarens rettar om eit heilskapleg og utviklande tenestetilbod. Ut i frå dette stiller meg difor kritisk til korleis ein kan gi eit godt tenestetilbod utan å fokusere på innverknaden av arbeidsmiljøet og samhandlinga mellom dei yrkesutøvande. Problemstilling Denne oppgåva tek for seg problemstillinga; Korleis påverkar arbeidsmiljøet samhandlinga med brukaren? Hensikta med problemstillinga er å klargjere om arbeidsmiljøet har noko innverknad på kvaliteten på tenestea brukaren mottek, med eit overordna fokus på samhandlinga mellom brukaren og dei tilsette. Problemstillinga har også som hensikt å framheve kva faktorar som påverkar samhandlinga mellom brukarane og dei yrkesutøvande. Metode I oppgåva har eg nytta semistrukturerte intervju. Eg har snakka med seks høgskuleutdanna ved ulike kommunale bustadar for menneske med ein utviklingshemming. For å tolke dataa har eg nytta meg av temasentrerte analyser sett i eit fenomenologisk hermeneutisk lys. Resultat Arbeidsmiljø og samhandling med brukaren kan henge tett saman. På same måte som kommuniserande partar påverkar kvarandre, påverkar også arbeidsmiljøet samhandlinga med brukaren. Dette kjem også fram av intervjua i oppgåva. Ofte blir det retta eit kritisk blikk mot samhandlinga mellom ulike instansar i Noreg. Dette bidreg til auka fokus på samhandling og informasjonsflyt. Innad i instansane, og då spesielt i kommunale bustadar, er situasjonen derimot annleis. Sjølv om det er fokus på miljøarbeid og tilrettelegging av miljøet, er det lite fokus på korleis arbeidsmiljøet påverkar samhandlinga med brukaren. I ein kommunal bustad er dei tilsette og arbeidsmiljøet ein del av miljøet til brukarane, og krev fokus for å oppnå kvalitet og refleksjon. Oppgåva reflekterer rundt kva som påverkar arbeidsmiljøet og korleis dette reflekterer over på brukargruppa. Leiing, kollegaer og planlegging er sentrale for påverknaden på både arbeidsmiljø og brukargruppa.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IS/2016;
dc.rightsNavngivelse 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/*
dc.subjectsosialt arbeidnb_NO
dc.subjectsocial worknb_NO
dc.subjectkommunale bustadarnb_NO
dc.subjectbrukarennb_NO
dc.subjecttilsettenb_NO
dc.subjectpåverknadnb_NO
dc.subjectkommunikasjonnb_NO
dc.subjectarbeidsmiljønb_NO
dc.subjectsamhandlingnb_NO
dc.subjectkommunale boligernb_NO
dc.titleEit arbeidsmiljø med brukaren i fokus. Ei kvalitativ studie av arbeidsmiljøet sin påverknad på samhandlinga med brukaren i kommunale bustadar.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 3.0 Norge