Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHognestad, Jan Kristian
dc.contributor.authorHoftun, Agnes Wigestrand
dc.date.accessioned2017-06-29T07:38:46Z
dc.date.available2017-06-29T07:38:46Z
dc.date.issued2017-05
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2447299
dc.descriptionMaster's thesis in Nordic literacy studies.nb_NO
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er skriven innan fagfeltet Norsk som andrespråk og undersøker substantivfrasar hos vaksne innlærarar av norsk. Studien er avgrensa til å fokusera på substantivfrasar med adledd som blir omfatta av samsvarsbøyingsmekanikken, dvs. determinativ og adjektiv, i tillegg til kjernen, og har følgande problemstilling: Kva er karakteristisk for substantivfrasar i tekstar frå vaksne som lærer norsk, og er substantivfrasane systematisk ulike på ulike stadium i språktileigninga? Det felles europeiske rammeverket for språk predikerer kva som krevst av språkleg kompetanse på seks nivå: A1, A2, B1, B2, C1 og C2. Rammeverket er generelt og inneheld ikkje språkspesifikke beskrivingar. Prosjektet Norsk profil har resultert i nokre spesifiseringar for norsk, og det var eit overordna mål òg for dette prosjektet å foreslå nivåbeskrivingar for substantivfrasar med adledd som blir samsvarsbøygde. Undersøkinga er empirisk orientert og korpusbasert. Datamaterialet blei henta frå Norsk andrespråkskorpus — ASK. Talet på tekstar blei avgrensa til 110, på fem følgande nivå: B1, B1+, B2, B2+ og C1. Datamaterialet er ikkje statistisk behandla og tar ikkje omsyn til individuell variasjon, sidan substantivfrasane blei undersøkte samla på dei ulike nivåa. Basert på prediksjonane i Rammeverket har det blitt utleidd to hypotesar: H1: Generelt vil talet på utbygde substantivfrasar stiga med rammeverksnivå. Det vil vera skilnad mellom B1 og B2 på dette punktet og ikkje nødvendigvis mellom B2 og C1. H2: Generelt vil graden av målspråkslik samsvarsbøying i substantivfrasane auka frå B1 til C1. Graden av korrekt samsvarsbøying vil vera eit skiljande kriterium mellom B1, B2 og C1. Substantivfrasane blir undersøkte uti frå to hovudsøk i korpuset: eitt med determinativ og adjektiv før kjernen og eitt med to adjektiv (både sideordning og underordning) før kjernen. Studien viser nokre tendensar, og begge hypotesane blei styrkte, den første med visse atterhald. Resultata indikerer òg at mellomnivå ligg nærmast neste heilnivå, og det er foreslått at ein i staden for å bruka plussnivå, kan ein bruka minusnivå (B1+>B2-) når det gjeld dei undersøkte substantivfrasane. Studien har resultert i nivåbeskrivingar for substantivfrasar med adledd før kjernen og er dermed eit bidrag til utviklinga av spesifikke vurderingskriterium for norsk.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2017;
dc.subjectNOAnb_NO
dc.subjectsubstantivfrasenb_NO
dc.subjectASKnb_NO
dc.subjectkorpusbasertnb_NO
dc.subjectandrespråkslæringnb_NO
dc.subjectandrespråksundervisningnb_NO
dc.subjectnorsk som andrespråknb_NO
dc.subjectlesevitenskapnb_NO
dc.title«Det hele norske samfunnet»: Ein korpusbasert studie av substantivfrasar i innlærartekstar frå vaksne med norsk som andrespråk sett i lys av Det felles europeiske rammeverket for språknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042nb_NO
dc.source.pagenumber112nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel