Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLockertsen, Roger
dc.contributor.authorBakken, Anette
dc.coverage.spatialNorway, Jærennb_NO
dc.date.accessioned2017-06-29T08:05:21Z
dc.date.available2017-06-29T08:05:21Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2447311
dc.descriptionMaster's thesis in Nordic literacy studiesnb_NO
dc.description.abstractProblemstilling: I denne avhandlinga stiller eg spørsmålet «Kvifor, kva tid og korleis bannar ungdomen på Jæren, og kvifor og kva tid bannar dei ikkje?». For å svare på dette, kartlegg eg kva ord og uttrykk som blir sett på som sterke av jærungdomen, og eg undersøker både kor ofte utvalde ord og uttrykk blir brukte og i kva sosiale situasjonar banning er akseptert. Katalysatoren for avhandlinga var ein myte om at det sterkaste uttrykket ein jærbu kan ty til er «Kjære folk!», og eit sentralt spørsmål er difor i kva grad heimstad har noko å seie for om ein person vel å bruke banneord eller ikkje. Eg set geografisk opphav opp mot elementa kjønn, alder og personleg identitet. Empirien tek utgangspunkt i språket hjå ungdomar frå kommunane Stavanger, Hå, Time og Klepp. Metode og data: Eg nyttar meg av eit elektronisk spørjeskjema for å samle inn data, og studien er altså basert på ungdomane sin sjølvrapporterte språkbruk. Størstedelen av informasjonen som blir henta inn er eit resultat av kvantitativ metode (spørsmål med faste svaralternativ), kombinert med nokre opne spørsmål der respondentane kan kome med eigne refleksjonar kring språkbruken sin. Respondentane er ungdomsskuleelevar og elevar i vidaregåande skule, og dei blei rekrutterte ut ifrå kriteria alder og geografisk tilhøyrsle. Hovudkonklusjonar: Ifølgje analysen er det kroppslege tabuord og religiøse banneord som blir rekna som dei grovaste. Fyrstnemnde skal ein helst ikkje bruke i det heile, og ein skal iallfall ikkje seie dei føre eldre menneske og barn. Men dei blir brukte, og det sterkaste uttrykket ein jærbu kan ty til er såleis ikkje «Kjære folk», men «Fitte!». Om ein bruker banneord i lystige setningar, så er det mykje meir akseptert enn om dei blir brukte aggressivt. Faktisk er det rekna som betre å banne i ei positiv setning enn å snakke stygt til nokon utan å bruke tabuord i det heile. Det er mogleg at det finst ein viss geografisk variasjon på landsbasis, men innanfor jærområdet er det fyrst og fremst andre variablar som utpeiker seg, spesielt kjønnsdimensjonen. Mellom anna er det jentene som går hardast ut mot ordet fitte. Gutane bannar ikkje meir enn jentene, men jentene har sterkare oppfatningar om korleis dei «bør» snakke, og det kan sjå ut til at jentene opplever større press knytt språkleg framferd enn kva gutane gjer. Det eg likevel kan slå fast om ungdomen på Jæren jamt over, er at dei bannar, og dei bannar grovt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2017;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectlesevitenskapnb_NO
dc.subjectbanningnb_NO
dc.subjecttabuordnb_NO
dc.subjectkraftuttrykknb_NO
dc.subjectslangnb_NO
dc.subjectungdomsspråknb_NO
dc.subjectJærennb_NO
dc.title«Banneord ruller som en dansende engel på tungen min»: Ei sosiolingvistisk undersøking av bruk av og haldningar til banning blant ungdom på Jærennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042nb_NO
dc.source.pagenumber99nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal