Falske nyhende i stortingsvalet 2017
Master thesis
Submitted version
Date
2018-05-14Metadata
Show full item recordCollections
- Studentoppgaver (HF-IGIS) [1163]
Abstract
Falske nyhende har vore eit omdiskutert tema etter Brexit, presidentvalkampen i USA i 2016 og dei etterfølgjande vala i andre land. Denne studien forsøker å sjå på førekomsten av falske nyhende under stortingsvalet i 2017. Føremålet har vore å kaste lys over det digitale økosystemet av alternative medium, som forsøkte å påverke veljarane sine meiningar og førestillingar med hjelp av politisk propaganda, falske nyhende, forvrengt og einsidig framstilling av saker, medviten desinformasjon og løgner.
Dei fleste nettstadene i vårt utval publiserer saker med ein politisk agenda og eit innhald som består av ekstremt skeivt vinkla saker og konspirasjonsteoriar. Dei fleste ser ut til å ha kopling til parti og aktørar på høgre fløy av politikken.
Dei alternative nettstadene lenker til kvarandre, dei krysspubliserer likelydande saker, dei likar kvarandre sine Facebook-sider. Vi har kartlagt eit nettverk med hundrevis av Facebook-sider som distribuerer politisk propaganda i den norske ålmenta. Analysen viser at denne praksisen er ein effektiv måte alternative medium kan skape såkalla filterbobler. Dette er kjent fenomen frå korleis algoritmar legg til rette for at den einskilde skal konsumere informasjon som er i tråd med eksisterande oppfatningar.
Så langt denne studien har vist, var ikkje problemet med falske nyhende like omfattande i Norge som det har vore i andre demokrati. Det ser ut til å vere relativt liten førekomst av fabrikkerte nyhende, som er laga med sikte på økonomisk vinning. Generelt har den norske ålmenta relativt få nettstader som publiserer løgner, oppspinn og konspirasjonsteoriar. Samanlikna med utlandet blir slike sider relativt lite delt i sosiale medium, men i norsk målestokk er omfanget likevel nokså omfattande, med tusenvis av delingar.
Description
Master's thesis in Literacy studies