Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSkjelten, Sidsel M.
dc.contributor.authorGrøtterød, Tommas Øyri
dc.date.accessioned2018-10-19T08:41:18Z
dc.date.available2018-10-19T08:41:18Z
dc.date.issued2018-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2568794
dc.descriptionMaster's thesis in Literacynb_NO
dc.description.abstractDenne oppgåva undersøkjer kvalitetsskilnader i eit utval norskfaglege tekstar skrivne av elevar på siste året på vidaregåande i studieførebuande studieretning. Problemstillinga er: Kva skil tekstar som har fått svært god karakter frå dei som har fått middels god? Skriveoppgåver og elevtekstar frå tre skular er samla inn og eit intensivutval på tolv elevtekstar blir analysert. Funna tyder på at det på dette trinnet blir lagt vekt på tradisjonelle skriveoppgåver innanfor ei fagspesifikk skriving i norskfaget, som litterær og retorisk analyse. Det er ingen oppgåver om såkalla kreative tekstar i materialet. Dette tyder på at ein kunnskaps- og kulturarvmodell framleis dominerer i vidaregåande skule (Berge 2005:24). Det ser ut til at eksamensordninga støttar opp om tradisjonelle oppgåvetypar. Skrivesituasjonane ved skulane er ulike, og det viser seg i elevtekstane på fleire måtar. Den epistemologiske kunnskapen som blir vist i tekstane, tekstlengd og bruken av kjelder heng saman med tida som har vore til rådvelde, tilgangen til internett, samt støtte frå lærarar og medelevar undervegs. Ingen av tekstane har blitt skrivne i prosess ved at dei er blitt samla inn og kommentert på undervegs. Modelltekstar og skriverammer kan vera ein god støtte, men forfattarane av svært gode tekstar utnyttar oppgåvene til å posisjonera seg og skapa meining på andre måtar. Der førskrivingsprosessen har gått føre seg over lengre tid, viser fleirtalet av elevane større engasjement og tekstlengda aukar. Dette varierer i større grad for tekstar som er skrivne i meir tradisjonelle, summative vurderingssituasjonar. Både skriveoppgåvene og vurderingskriteria kommuniserer formålet med skrivinga i ulik grad, noko som til ein viss grad kan sporast i den skrivekompetansen elevane viser. Dersom elevane aukar medvitet med formålet med skrivinga, og brukar fleire av dei ressursane som ligg i det kommunikative aspektet ved teksten, kan dette truleg føra til større engasjement og motivasjon for skrivinga. Det kan igjen visa seg i større breidd i tekstane og den kunnskapen som blir vist. Karaktervurderinga vil truleg bli påverka av dette. Eit nytt sett med vurderingskritier for norskfaglege tekstar for vidaregåande studieretning på vg3 er utvikla og blir sett i samband med elevtekstane. Kriteria er basert på forventnings-normene i Norm-prosjektet. Kriteria har ei analytisk tilnærming til tekstane, og er tenkt å kunna brukast til alle teksttypar, ved både formative og summative vurderingssituasjonar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2018;
dc.subjectlesevitenskapnb_NO
dc.subjectlesevitskapnb_NO
dc.subjectskrivekompetansenb_NO
dc.titleSkrivekompetanse i norskfaget på vidaregåande skule.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel