Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMangen, Anne
dc.contributor.authorStøyva, Marte Pupe
dc.date.accessioned2020-06-18T09:21:49Z
dc.date.available2020-06-18T09:21:49Z
dc.date.issued2020-05
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2658606
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studiesen_US
dc.description.abstractDenne avhandlinga, som har fått tittelen Akademisk lesing i ei digital tid, er ei undersøking av universitetsstudentar si akademiske lesing i praksis. Målet med avhandlinga er å bidra med ny kunnskap om kva konsekvensar digitale teknologiar har for lesing i høgare utdanning i dag. Utdanningsinstitusjonar kan såleis få meir forståing for korleis ein kan legge til rette for lesing og læring for studentar. Den overordna problemstillinga for avhandlinga er: Korleis verkar digitale teknologiar inn på korleis universitetsstudentar les i samband med studia sine? Dette spørsmålet blir konkretisert i to forskingsspørsmål som omhandlar bruk av, og preferanse for, leseplattformer blant studentar, samt akademisk lesing og djupnelesing i praksis. For å vere i stand til å analysere studentar si akademiske lesing i praksis, er datagrunnlaget for denne avhandlinga både kvantitativt og kvalitativt. Det empiriske materialet i avhandlinga er samla inn i tre omgangar. For det første består undersøkinga av ei spørjeundersøking der universitetsstudentar vart bedne om å svare på spørsmål om bruk av ulike leseplattformer og teksttypar, fysiske omgivnadar og bruk av verktøy i samband med lesing av akademiske tekstar. For det andre består undersøkinga av kvalitative intervju med studentar om deira lesing i samband med studia deira. For det tredje består undersøkinga av observasjonsdata og evaluering av eit eksperimentelt leseforsøk. Formålet med den tredelte tilnærminga var å kartlegge studentane sine praktiske handlingar kring akademisk lesing og bruk av digitale teknologiar på ein utfyllande måte. Funna frå undersøkingane blir analysert og drøfta med forankring i lesevitskaplege teoriar og tidlegare leseforsking. I avhandlinga er funna delt inn i fire tematiske kategoriar: Preferansar og val av leseplattform, Lesestrategiar, verktøy og tekstformat, Fysiske omgivnadar og Akademisk djupnelesing. Avhandlinga konkluderer med at ein må ta omsyn til den sosiokulturelle konteksten som akademisk lesing skjer i. Digitale teknologiar speler ei sentral rolle i lesesituasjonen til studentar i dag. Det gjeld ikkje berre kva leseplattform studentar les akademiske tekstar på, men òg korleis denne teknologien blir brukt som verktøy i samband med lesinga og kva nærværet av digitale teknologiar har å seie for konsentrasjon, djupnelesing, leseforståing og læringsutbytte. Stavanger, 09.05.2020 Marte Pupe Støyvaen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2020;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectdjupnelesingen_US
dc.subjectleseforståingen_US
dc.subjectskjermlesingen_US
dc.subjectlesevitskapen_US
dc.subjectlesevitenskapen_US
dc.subjectliteracyen_US
dc.subjectakademisk lesingen_US
dc.subjectdeep readingen_US
dc.subjectacademic readingen_US
dc.subjectreading comprehensionen_US
dc.titleAkademisk lesing i ei digital tiden_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000en_US
dc.source.pagenumber137en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal