Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNygard, Arne Olav
dc.contributor.authorJacobsen, Kjersti Thorsheim
dc.coverage.spatialNorwayen_US
dc.date.accessioned2020-09-11T11:26:32Z
dc.date.available2020-09-11T11:26:32Z
dc.date.issued2020-06
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2677407
dc.description.abstractSamandrag Masteroppgåva Munnleg medelevrepons på 7.trinn, handlar om korleis elevar gir og brukar munnleg medelevrespons til skriftlege tekstar. Med utganspunkt i eit sosiokulturelt syn på læring, og problemstillinga: Korleis gir og brukar elevar på 7.trinn munnleg medelevrepons til skriftlege tekstar? har eg utforma to spesifikke forskingsspørsmål: Kva karakteriserer den munnleg responsen elevane gir kvarandre i responsgrupper, og kva tar dei med seg frå responsgruppene til revisjonsarbeidet med tekstane? Studien kan skildrast som ein kvalitativ casestudie. Eg går inn i ei klasse på 7.trinn, observerer to responsgrupper, studerer tekstane til elevane før og etter responsen og gjer intervju med elevane etterpå. Elevane jobbar først individuelt med teksten og tar den med seg vidare til responsgruppa der målet er å forbetre den i fellesskap. Deretter reviderer elevane tekstane sine på bakgrunn av responsen i gruppa. Funna frå studien viser at elevane gjennom responsgivinga gir kvarandre både ros og råd om forbetring. Dei rosande kommentarane er dominerte av å vere generelle og grunngir ikkje alltid på kva som er bra ved teksten, medan kommentarane som blir gitt som råd er både med og utan grunngiving. Kommentarane rettar seg mot både globale og lokale tekstnivå, men ikkje mot alle tekstnivå. Kriterielista som elevane har laga saman med læraren er styrande for kva elevane rettar responsen mot, men studien viser også at elevane har mangelfull forståing for innhaldet i nokre av kriteria. Alle gjer endringar i tekstane sine på bakgrunn av responsen dei får frå medelevane, men ein ser få eigeninitierte revisjonar. Den mest brukte revisjonsstrategien er å legge til, og mykje av revisjonen kan opplevast som lite omfattande og som teknisk utfylling. På bakgrunn av intervju med elevane viser funna at elevane er positive til medelevrespons og dei meiner responsen er til hjelp i revisjonsarbeidet. Studien viser at alle elvane er delaktige i samtalen i responsgruppene. Dei har faglege samtalar om tekstar, og tar med seg delar av samtalen og samarbeidet om teksten til sin eigen individuelle revisjon. Ved bruk av det munnlege språket som verktøy ser ein døme på at dei hjelper kvarandre til betre innsikt og læring. Likevel treng dei øving i å gi respons som gir faglege råd som kan utvikle tekstane, og dei treng å opparbeide seg betre revisjonskompetanse slik at dei kan nytte seg av fleire revisjonsstrategiar. Bruk av responsgrupper der elevane gir kvarandre munnleg respons, vil truleg styrke elevane sin munnlege kompetanse og utvikling, og kan på den måten bidra til meir dialogiske klasseromsamtalar retta mot faglege problem.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IGIS/2020;
dc.subjectmedelevresponsen_US
dc.subjectmunnleg responsen_US
dc.subjectresponsgrupperen_US
dc.subjectprosessorientert skrivingen_US
dc.subjectrevisjonen_US
dc.subjectdialogiske klasseromen_US
dc.subjectliteracyen_US
dc.titleMunnleg medelevrespons på 7.trinn. Ein studie av korleis elevane gir kvarandre munnleg respons til skriftlege tekstar og korleis dei brukar responsen.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionsubmittedVersionen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel