Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJensen, Maria Therese
dc.contributor.authorEkberg, Marta Fauskanger
dc.date.accessioned2020-09-11T11:29:26Z
dc.date.available2020-09-11T11:29:26Z
dc.date.issued2020-05-28
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2677409
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studies.en_US
dc.description.abstractLesing er ein av dei grunnleggjande dugleikane eit barn skal læra når det startar på skulen. Målet er at eleven skal læra å lesa og å meistra lesekunsten. Denne masteroppgåva handlar om korleis rask bokstavinnlæring påverkar eleven si tru på å meistra lesing. Masteroppgåva er ein kvalitativ studie med utgangspunkt i forskingsintervju med seks lærarar som har undervist både med rask bokstavprogresjon, og med ein bokstav i veka. Alle lærarane underviser på same skule, og skulen har nytta rask bokstavprogresjon i begynnaropplæringa sidan hausten 2014. Datamaterialet frå forskingsintervjuet er analysert gjennom ei teoristyrt og temasentrert tilnærming. Målet med dette studiet har vore å undersøkja: Korleis opplever lærarane i den første leseopplæringa samanhengen mellom rask bokstavprogresjon og elevane si meistringstru? Teorien bak oppgåva er knytt til forsking rundt rask bokstavprogresjon med utgangspunkt i forskinga til Jones og Reutzel (2012), og ny forsking etter at rask bokstavprogresjon er tatt i bruk på mange skular i Noreg. Det teoretiske rammeverket er og knytt til teoriar og forsking rundt motivasjon, og eleven si meistringstru. Her er Bandura (1997) sin teori knytt til meistringstru sentral. Meistringstru i skulen vert definert som elevane si forventning om å kunna utføra bestemte oppgåver (Bandura, 1997). Resultatet av studiet viser at informantane er svært nøgde med leseinnlæringa, etter at dei starta med å læra elevane to bokstavar i veka. Informantane fortel at mange av elevane har lært å lesa allereie til haustferien. Det at elevane tidlegare har eit større utval av bokstavar å bruka, gjer og at dei fortare kjem i gong med å lesa meiningsfulle ord og setningar. Informantane fortel at dette gir elevane motivasjon til å læra meir, og trua på å meistra vert styrka. Dei fleste informantane fortel at rask bokstavopplæring har vore positivt, også for dei elevane som strevar med å læra å lesa. Sidan dei fleste av elevane lærer tidleg å lesa, vert dei som strevar, oppdaga raskare enn før. Dette kombinert med timar til tidleg innsats, gjer at desse elevane får raskare hjelp og tilpassa opplæring no, enn då det vart undervist med ein bokstav i veka. Skulen brukar differensierte tekstar og småbøker i begynnaropplæringa, noko som gjer at elevane får tilpassa tekstar på det nivået dei er på. Informantane er opptatt av at elevane skal oppleva å få til, og å meistra dei tekstane dei får, samstundes som dei skal strekkja seg til neste nivå.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IGIS/2020;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectliteracy studiesen_US
dc.subjectmestringen_US
dc.subjectmeistringstruen_US
dc.subjectmotivasjonen_US
dc.subjectbokstavprogresjonen_US
dc.subjectleseinnlæringen_US
dc.subjecttilpassa undervisningen_US
dc.subjectdifferensierte tekstaren_US
dc.titleRaske bokstavar og meistringstru. Ein kvalitativ studie i korleis innføring av rask bokstavprogresjoni begynnaropplæringa påverkar elevane si meistringstruen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.source.pagenumber49en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal