Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBerg, Roald
dc.contributor.authorApeland, Livar
dc.date.accessioned2020-10-28T13:09:57Z
dc.date.available2020-10-28T13:09:57Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2685518
dc.descriptionMaster's thesis in History didacticsen_US
dc.description.abstractDenne oppgåva tek føre seg forholdet mellom tru og politikk blant det norske bedehusfolket i møte med Midtausten-konflikten. Innfallsvinkelen min er den tidlegare sjefredaktøren i Dagen, Arthur Berg, og korleis han meinte kristne utifrå eit bibelsk perspektiv og politisk perspektiv burde tilnærma seg Midtausten-konflikten. Tidsrommet eg ser på er Arthur Bergs sjefredaktørtid, altså 1957 til 1985. Forholdet tru og politikk er eit tema som i stor grad har blitt neglisjert innføre akademisk forsking. Eg meiner tru i politikken er noko som må bli tatt på alvor. Noreg bærer preg av å ha vore eit svært kristent land, noko eg meiner folks haldning til Midtaustenkonflikten, og då særleg Israel, har lete seg påverke av. Midtausten-konflikten har vore gjenstand for debatt i ei årrekkje. Blant kristne er det usemje om korleis ein skal tilnærma seg Israel og Midtausten-konflikten. Kristnes politiske vurdering av Midtausten-konflikten og haldning til Israel har ofte lete seg påverke av eins bibelske overtyding. Arthur Berg var blant dei sterkaste forsvararane av Israel. Han var overtyda om at visse landlovnader var blitt gjeven til Israel av Gud, som etter denne teologiske læra vart oppfylte ved opprettinga av staten Israel. Sjølv om Berg haldt eit slikt bibelsk syn, let han ikkje bibelske argument danna grunnlaget for si politiske vurdering av Midtausten-konflikten. Til dette blei krigsetikk brukt, og då i hovudsak «rettferdig krig»-tradisjonen. Arthur Berg var klar på at kristne burde støtta Israel, sjølv om dei ikkje delte hans teologiske syn på profetianes aktualitet for samtidas Israel. Jødane har opplevd mykje fælt, og av den grunn hevda Berg at kristne skulda dei å leve i eit land med trygge grenser. I tillegg har kristne arva Bibelen, sine tradisjonar og sin kultur frå jødane, noko Berg meinte kristne burde vere evig takksam for. Berg meinte òg at kristne plikta å støtte forfølgde folk. Når det så var jødane som nå var i trengsel, burde kristne verkeleg kjenna seg plikta å støtta dette folket. Kva gjennomslag Arthur Berg hadde med sine tankar, er eit vanskeleg spørjemål å gje svar på. At han hadde påverknadskraft, er noko eg ikkje tvilar på. Sjølv om Berg og hans meiningsfrendar nok ofte blei sett på som mørkemenn og fanatikarar i nyheitsbilete, representerer dei likevel ei gruppe kor det har blitt rekrutert fleire sentrale politikarar, der trua har vore sentralt for deira politiske virke. Av den grunn er dette eit felt som krev nærmare forsking, noko eg med denne oppgåva ynskjer å bidra med.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2020;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectbedehuskulturen_US
dc.subjectbedehusfolketen_US
dc.subjectmidtøstenen_US
dc.subjecttroen_US
dc.subjecthistoriedidaktikken_US
dc.subjectpolitikken_US
dc.subjectIsraelen_US
dc.subjectreligionen_US
dc.titleEit stykke Israel i Noreg: Arthur Berg og Midtausten-konflikten, 1957-1985en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283en_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Historie: 070en_US
dc.source.pagenumber106en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal