Målet i Maudal: Ei sosiolingvistisk undersøking av språksituasjonen i ei lita bygd i ei stor verd
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2779090Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Student papers (HF-IKS) [770]
Sammendrag
Samfunnet blir stadig meir samanvevd. Skilnadane mellom by og land har på mange måtar blitt mindre enn dei var, mellom anna på grunn av flytting, pendling og tilgangen til verda gjennom Internett. Dette har også sitt å seia for dialektane i landet, og dei har ein tendens til å bli meir like kvarandre. Samtidig finst det ennå små bygdesamfunn i Noreg, og motivasjonen for oppgåva var å finna ut kva samfunnsendringar og dialektendringsprosessar har å seia for talemålet i den vesle bygda Maudal, i Gjesdal kommune. Formålet var å undersøke korleis språksituasjonen er her og kva faktorar som kunne ha betydning for at dialekten er som han er.
Materialet for undersøkinga er samtaleintervju og bildetest med fire ungdommar, ei jente og tre gutar, i alderen 13-18 år. Målet med det kvalitative intervjuet var å forstå kva faktorar som kan ha betydning for språksituasjonen, både på individ- og gruppenivå, mens bildetesten skulle få informantane til å bruka bestemte språklege variablar.
Resultata viser ein viss skilnad mellom informantane, men alt i alt held den tradisjonelle dialekten seg påfallande godt i bygda. Om noko er talemålet meir tradisjonelt enn då eg sjølv flytta frå bygda for over 20 år sidan. Det er sterke krefter som står imot endring. Staden er ganske isolert, og ungdommane har relativt få språkmøte utanom skulen. Skulen ligg om lag ei mil unna, og her treff dei andre frå same skulekrins. Likevel bruker dei nokre ganske markerte språkdrag frå Maudal.
Eit sentralt funn er korleis dei tette nettverksbanda hos familiane i bygda fungerer språkbevarande, fordi det finst ein konsensus om korleis den språklege åtferda mellom dei skal vera. I staden for å bruka mykje tid saman med jamaldrande i ulike sosiale miljø utanom skulen, oppheld ungdommane seg mykje saman med familie og slekt i Maudal. Ein annan faktor som kan vera med å stå imot talemålsendringar, er den sterke identiteten ungdommane har til bygda, samtidig som dei har ein «heimekjær» personlegdomstype (homo domesticus). Dei identifiserer seg absolutt ikkje med bylivet og det urbane, og er stolte av å komma frå Maudal. Spesielt dei tre gutane viser i tillegg ein naboopposisjon til bygdene rundt, og eit ønske om å markera avstand kan også visa seg språkleg.