Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNielsen, Ingrid
dc.contributor.authorBrandal, Alexandra Nicolas
dc.date.accessioned2021-09-20T08:19:28Z
dc.date.available2021-09-20T08:19:28Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:80580565:2175992
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2779091
dc.description.abstractI denne masteroppgåva gjennomfører eg ein litterær analyse av Sju dagar i august av Brit Bildøen (2014). Romanen skildrar det umoglege ved å leve med tapet av eit barn og korleis dette fører til ei sorg som kan bli forstått som melankolsk. Eg har derfor analysert romanen ut frå følgande problemstilling: Korleis blir melankoli framstilt i Brit Bildøens roman Sju dagar i august? For å svare på problemstillinga nyttar eg ein hermeneutisk lesemåte. Eg lar ulik teori belyse funna mine i analysen. Det metapsykologiske essayet «Sorg og melankoli» av Sigmund Freud (2011), dannar det viktigaste teoretiske bakteppet. Vidare legg eg vekt på teoriar som toprosessmodellen (Stroebe & Schut, 1999), emosjonell relokalisering (Worden, 2003) og om meiningskonstruksjon etter traumatiske tap (Janoff-Bulman & Frantz, 1997). Eg nyttar også ein litterær analyse av Bjarne Markussen (2012), som kontrastivt perspektiv og som inspirasjon for eigen lesnad. Funna mine viser at bakgrunnen for den melankolske sorga og opplevinga av meiningstap, kjem til syne gjennom ein retrospektiv forteljarteknikk. Eg har hatt særskilt fokus på korleis melankolien blir framstilt gjennom romanpersonen Sofie. Eg har funne at melankolien blir framstilt som ei melankolsk objektsbinding til den døde dottera, ei nedvurdering av eg-et, og ei sjølvklandring som hindrar emosjonell relokalisering av det døde barnet, og som derfor fører til ei melankolsk omskaping til ein «levande død». Vidare fann eg at sosial og fysisk isolasjon blir framstilt som ein melankolsk strategi for å makte å eksistere i verda. Eg fann også at melankoli kjem kroppsleg til uttrykk i romanen gjennom melankolsk kannibalisme, kjensleløyse og eit miljø som speglar ein melankoli som til slutt aukar til eit dødsønske. Slutten av romanen kan tolkast enten som at melankolien lettar eller at han er dødbringande, noko som etterlet eit underleg og gåtefullt bilde av melankoli. I det siste kapittelet drøftar eg, med bakgrunn i omgrepa form, antropologisk kraft og etisk potensiale, korleis Sju dagar i august kan syne oss melankoli på ein særeigen måte i kraft av å vere ein roman. Ved at romanen syner tapsopplevinga gjennom eit indre og ytre perspektiv, og ved at han framhevar eksistensielle og sosiale spenningar, skaper romanen eit bilde på kva melankoli kan vere. Dette opnar opp for både etisk refleksjon og innsyn i melankoli som menneskeleg erfaring.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.title«Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større» – Framstilling av melankoli i Brit Bildøens Sju dagar i august
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel