Show simple item record

dc.contributor.advisorMoen, Vegard
dc.contributor.authorØkland, Maren
dc.date.accessioned2021-09-25T16:27:07Z
dc.date.available2021-09-25T16:27:07Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:82370538:50296930
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2783061
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractDenne studien er ei kvalitativ undersøking av eit profesjonsfagleg samarbeid mellom skule og PPT. Studiens problemstilling har vore: Korleis legg skuleleiinga til rette for profesjonsfagleg samarbeid mellom skule og PPT, og korleis bidrar denne tilrettelegginga til utvikling av praksis i ein skule for alle. Studiens datamateriale har sin bakgrunn i eit innovasjonsprosjekt for samarbeid mellom skule og PPT, med mål om utvikling av inkluderande praksis. Studien utforskar tilrettelegging for eit profesjonsfagleg samarbeid mellom skule og PPT ved to skular, og kontekst er eit profesjonelt læringsfellesskap kor aktørar som lærarar, skuleleiing og PPT deltek. Transkripsjonar frå intervju med skuleleiing og PPT, samt transkripsjon frå eit samarbeidsmøte frå kvar skule er nytta for konstruksjon av data. Studiens funn viser at dei to skulane i studien har lagt til rette for eit profesjonsfagleg samarbeid mellom skule og PPT, ved å opprette eit nytt møteformat kor målet er at inkluderande praksis skal utviklast med systemisk blikk og kollektiv læring. Eit sentralt funn i studien er at det ved tilrettelegging for eit profesjonsfagleg samarbeid mellom skule og PPT er oppretta eit handlingsrom for kollektiv læring og utvikling av praksis, men at dette handlingsrommet ser ut til å bli utnytta i varierande grad ved dei to skulane. Funna tydar på at det er krevjande å få ambisjonar om samarbeid og utvikling av inkluderande praksis realisert i praksis. Funna tyder og på at skuleleiinga si rolle i det profesjonsfaglege samarbeidet ser ut til å vera sentral, særleg når det kjem til tilrettelegging for utforsking og refleksjon over praksis i ein skule for alle.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleEin kvalitativ studie av profesjonsfagleg samarbeid for utvikling av praksis
dc.typeMaster thesis


Files in this item

FilesSizeFormatView

This item appears in the following Collection(s)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [672]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Show simple item record