«Eg synes det er veldig positivt at me les eit kvarter gjennom skuledagen i eiga bok» - Om stillelesing på sjuande trinn
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2783112Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet for denne masteroppgåva er å få eit innblikk i kva elevar og lærarar på sjuande trinn tenkjer om stillelesing. For å finne moglege svar på problemstillinga har eg gjennomført ei kvalitativ undersøking, og eg har hatt gruppesamtalar med elevar og lærarar. Eit hovudmål med denne undersøkinga har vore å finne ut kva elevane og lærarane tenkjer er potensialet til stillelesinga, men og kva som kan vere utfordrande under praktiseringa av stillelesinga. Eg søkte å finne ut om elevane og lærarane var nøgde med avsett tid eller ikkje. I tillegg ville eg vite om elevane meinte dei las meir eller mindre på fritida, og om dette hadde noko med stillelesinga å gjere.
Etter å ha utført gruppesamtalar med elevar og lærarar, sit eg igjen med kunnskap som kan vere med på å gjere meg, men òg kanskje andre meir medvitne om eit fenomen mange lærarar praktiserer i skulekvardagen. Informantane har delt raust av sine erfaringar, og det var verkeleg interessant å høyre om tankane deira knytt til stillelesing. Lærarane er samde om at det kan vere vanskeleg for nokre å halde konsentrasjonen under stillelesinga, og det er difor viktig å finne tekstar som fenger elevane. Dei fleste informantane har eit syn om at stillelesinga kan fungere som ein pause, noko dei fleste av elevinformantane set pris på.