Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHognestad, Jan Kristian
dc.contributor.authorSalte, Trond
dc.date.accessioned2022-07-02T15:51:11Z
dc.date.available2022-07-02T15:51:11Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:110319777:16590576
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3002314
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er ei sosiolingvistisk gransking av yngre talemål på Bryne. Formålet med granskinga har vore å finna ut om Bryne-målet nærmar seg dei andre bymåla i nærleiken, og då spesielt Sandnes- og Stavanger-måla. Eg har intervjua fire ungdommar frå Bryne for å kartleggja talemålet deira, samt haldningane deira til heimstaden og dialekta der. I tillegg har eg sett ein del på Tor Time si avhandling Jærmål: Bygde- og sentrumsmål hjå eldre og yngre i Time frå 1973 og funne ut at det sentrumsmålet Time såg konturane av på 1970-talet, er omtrent det same talemålet som dagens Bryne-ungdommar snakkar. Med andre ord viser resultata frå denne granskinga at Bryne-dialekta har halde seg relativt stabil i 50 år, og at den urbaniseringa av dialekta som eg venta å finna i løpet av denne granskinga, eigentleg har skjedd allereie. Det kan i alle fall verka som at det tradisjonelle jærmålet på Bryne ein gong i tida var meir mottakeleg for endringar enn det er no, og at dei endringane som vart gjennomførte med den yngste generasjonen i Time si avhandling, var urbane nok. Så spørst det jo korleis talemålsutviklinga på Bryne kjem til å vera dei neste 50 åra, men informantane i denne granskinga har i alle fall gitt klart uttrykk for at dei ikkje ynskjer å høyrast ut som dei kjem frå Sandnes eller Stavanger. Dette viser at Bryne har ein sterk og tydeleg identitet som kan vera språkbevarande. Informantane trekkjer òg fram staden som ein plass midt imellom by og land, og dei seier eigentleg det same om talemålet, noko som kjem tydeleg fram i tittelen på denne oppgåva. Det at staden i tillegg fekk bystatus for litt over 20 år sidan, meiner eg har vore med på å styrka denne identiteten, og dermed òg statusen til dialekta.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.title«… ikkje for breitt, men ikkje for pent heller»: Ei sosiolingvistisk gransking av yngre talemål på Bryne
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel